Ein dag eg sykla rundt i Prenzlauer Berg kom eg over ein fin port med overskrifta: »Schafft hier das Leben gut und schön, / kein Jenseits ist’s, kein Aufersteh’n." Fritt omsett noko sånt som: Lev livet her og no, det er ikkje noko hinsides og ikkje nokon oppstandelse. Oi, kva var dette? Det viste seg å vera gravlunden til "Freigeistige Gemeinschaft Berlin- Freireligiöse Gemeinde" På ei oppslagstavle stod det litt om historia og eg vart serleg interessert i ei kvinne ved namn Agnes Wabnitz. I Berlin er det "Tag des offenen Denkmals" den første lørdagen i september og vi meldte oss på til Führung på gravlunden. (Her kan bemerkast at det ofte står påmelding til slike omvisingar, og det var fleire eg kunne ha tenkt meg den dagen som eg oppdaga for seint. Men no har eg lært at et eigentleg ofte berre er å møte opp og så får du bli med likevel!) Vi vart møtt av Vorsitzende Ann-Kathrin Pauk som ga oss ei historisk bakgrunn for gravlunden som no er freda, men er åpna som offentleg park og har m. a eit mråde med leikeapparat som blir flittig brukt av barna i nærområdet. Foreninga har no satt i gang eit forskingsprosjekt rundt Agnes Wabnitz da det er mykje som er uklårt eller som ein ikkje veit om historia hennar. Ho var fødd i 1842 i ein ganske velståande familie, men som i mange familiar råka mor og barn ut i fattigdom da faren døde. Ho byrja å sy og vart talskvinne for syerskane. Ho hadde ei evne til å snakke i forsamlingar som etterkvart ga henne ry blant arbeidsfolk. Ho agiterte for likeløn, rettsleg likestilling mellom menn og kvinner og også for religionsfridom, det siste var svært kontroversielt i eit samfunn der kirka hadde monopol på mange område. Ho fekk oppdrag om å halde foredrag i mange byar i Tyskland, men etter eit møte i Frankfurt i1891 vart ho fengsla for "oppviglari". Det vart fleire fengselsopphald, ho gjekk til sveltestreik, vart stempla som sinnssjuk og tvangsinnlagt på psykiatrisk, og til sist etter å ha blitt tvangsfora i fengslet, skulle ho igjen sone. Da klarte ho ikkje meir, sydde sin eigen gravdrakt og tok livet av seg . Ho etterlot seg ikkje noko skriftleg og det er nok eindel av forklåringa på at ho nesten har blitt glømt i motsetning til kvinner som Rosa Luxemburg og Clara Zetlitz. På mange måtar var ho ei av formødrene deira, og no i dag er det fornya interesse rundt henne. I gravferda hennar kom det 40 000 menneske, det var ein stille politisk demonstrasjon og den største som til da vart halde i Tyskland. På omvisinga fekk vi og sjå grava til Heinrich Roller, oppfinnar av eit spesielt stenografisystem, sjå gravsteinen:
1 Comment
Berlin er så utrolig mye mer enn Alexanderplatz og Brandenburger Tor. Det er mye grønt her! Enorm mange parker, store og små. Kari kjøpte en bok med tips om store og små skoger i byen og en dag tok vi S-bahn til Baumschulenweg (Treptow-Köpenick), og fant etterhvert riktig retning mot skogen Plänterwald. Turen gikk delvis gjennom skog, og delvis på turvei langs Spree, den fantastiske kanalen som går gjennom Berlin. Mange ferger, både i fast rute og for turister, har ruter langs og på tvers av Spree. Og som vi har skrevet tidligere var det også her allslags farkoster. Etter å ha gått langs Spree en stund, gikk vi inn på en sti inn i skogen. Her fikk falne trær ligge i fred, og sopp vokste fritt på gamle trær. Da vi var midt inne i skogen fant vi ut at det sikkert var mulig å gå seg bort, men med hjelp fra Google maps fant vi retningen. Vi kom over en Denkmal (=minnested) midt i stien. Den skal, i tillegg til å minne oss om krigen i Afganistan, være en påminnelse om at krig er lett å starte og vanskelig å avslutte. Påskrift på steinen var "Ghosts of Iraq". Mer info her (tysk og engelsk). Midt inne i skogen var det et inngjerdet område med svømmebasseng! Det så ut til at den var ment for barn, for i tillegg til et stort svømmebasseng var det også lekeapparater der. Det var stengt nå, men er et veldig populært utfluktssted på sommeren. Da vi kom ut av skogen møtte vi et brudefølge. Bruden var staset opp med en enorm kjole, og hun bekreftet at den var tung, brudepiken som gikk bak og holdt i kjolen nikket bekreftende. Følget satt seg etter hvert i en pyntet bil. Her er det vanlig at iallfall tyrkiske brudefølger kjører gjennom gatene og tuter. Langs Spree ligger mange steder båter innredet som restauranter, vi testet en av dem. Fra båten så vi opp på en diger bro som gikk over til Jugendinsel. Der var det utleie av kanoer, inkludert kurs i padling. Øya var på 50-tallet visstnok et sted der enslige mødre kunne få bo med sine nyfødte. Wikipedia om øya her. Resten av turen gikk på turvei langs Spree. Store grønne områder, og mange store og gamle trær. Noen var fredet, merket med skilt Natur Denkmal.
Det året eg studerte tysk på UiO var ein stor motivasjon å kunne lesa bøker på tysk og da eg i fleire år også kjøpte inn tyske bøker for Deichman, fekk eg ei viss oversikt. Framleis er det mange ord eg ikkje forstår, men eg har gått bort frå å stadig slå opp i ordboka eller på nettet. Det hender at eg noterer ned ord og uttrykk som er artige eller spesielle da. Ein forfattar eg har fulgt ei stund er Natasha Wodin. Eg kom over boka hennar "Sie kam aus Mariupol" (Hun kom fra Mariupol) på ein bokhandel i Berlin for eindel år sida og vart veldig fascinert. Det er ein sjølvbiografisk roman der ho etterforskar livet til mor si som tok livet av seg da Natasha var 9 år. Dei bodde da i Tyskland, men foreldra vart sende som tvangsarbeidarar frå Ukraina til Tyskland under krigen, som millionar andre frå Øst-Europa også vart. Natasha er eit barn som klarer seg mot alle odds. No held eg på med oppfølgaren, " Irgendwo in diesem Dunkel" ("Ein eller annan stad i dette mørket") der ho skriv om far sin, ein brutal mann som ho ønsker livet av, men som ho også heng fast ved, korleis kom han til å bli slik han vart? Eg har også lese den nyaste romanen hennar, " Nastjas Tränen", om ei Putzfrau (vaskekone) frå Ukraina som oppheld seg uloveg i Tyskland med stadig fare for å bli oppdaga av styresmaktene og sendt tilbake. Desse bøkene, spesielt den første. MÅ omsetjast til norsk! Eg prøver å få forlag interessert. Sasa Stanisic er ein forfattar eg vil anbefale. Eg las Herkunft på norsk ( Der du kommer fra) utmerka omsett av Astrid Nordang. Stanisic kom til Tyskland som flyktning frå Bosnia i 1992 og romanen handlar om å koma til eit nytt land, ny kultur, utanforskap, men også om røtene i heimlandet der vi serleg får ei sterk skildring av ei bestemor som eg-personen elskar, men som no ser ut til å bli dement. Og nei, boka er ikkje traurig eller vanskeleg å lesa, ho er spanande, rørande og du lærer ein god del! Stanisic fekk den høgthengande Deutscher Buchpreis for denne romanen i 2019. Han har to andre bøker på norsk også, biblioteket er ditt! Marlen Haushofer sin klassikar "Veggen" var lenge utseld på norsk, men kom heldigvis i nytt opplag i år. Eg fekk boka for mange års sidan av veninne Marit med oppfordring om at denne MÅ lesast, men boka vart ståande i hylla.. heilt til Anne las ho og var oppglødd; for ei leseoppleving!
Så prøvde eg meg, og ja, det er ei heilt spesiell bok. Ein kvinne er åleine i ei jakthytte i dei austerrikske fjella, venene ho kom saman med kjem ikkje tilbake frå den lokale "Bierstube" dei gjekk til, berre hunden "Luchs".. Kva har skjedd? Boka kan lesast som ein litt spesiell krim, som ein utopi, som eit framtidsmareritt og det er utallige tolkingar av boka. For meg er boka også veldig filosofisk: Kva ville eg har gjort i denne situasjonen? Men uansett tolkingar, berre les sjølv, på tysk, norsk eller engelsk! Boka er filmatisert med den eminente Martina Gedeck i hovudrolla, veldig fin og det har vore mange teateroppsettingar. For nokre år sidan såg eg ei fin tolking i Hamburg og i går kveld var vi på Deutsches Theater og såg "Sophie Rois fährt gegen die Wand" i 1.5 timar! Godt gjort, men ingenting slår BOKA! Jenny Erpenbeck er ein tysk forfattar som er veldig i vinden akkurat no. Eg har berre lese "Gehen, ging, gegangen", ("Gå, gikk, gått"), om ein pensjonert lærar som engasjerer seg i Syria-flyktingane han ser kvar dag utafor vinduet sitt. Har også på planen å lesa den siste, "Kairos", som er mykje omtalt, også omsett til norsk. Eg skal skrive meir om bokhandlar i Berlin litt seinare, det er veldig mange! Eg snakka med Steffi i "Der Insel", ein av dei lokale her og undra meg litt over at dei hadde overlevd koronaen, alt var jo stengt her mykje lengre enn heime. Ja, dei fleste har klart seg, sa ho, folk hadde kjøpt og lest bøker som aldri før, tinga på nett og fått tilsendt, eller fleire hadde hatt henteordning. Her står papirboka sterkare enn i Norge har eg inntrykk av, det gjeld og papiraviser og tidsskrift. Mange bokhandlar har blogg, men gir også ut papirversjonar fleire gongar i året, og ein finn alltid gratis lesestoff når ein snusar rundt som eg gjer! Altså kunne eg ha vore i Berlin veldig lenge og fylt dagane kun med bokhandlar og bøker, samt bibliotek som eg sikkert også kjem tilbake til! Hurra! Wannsee ligger litt sørvest for det vi tenker på som sentrum av Berlin. Det tar omtrent en halvtime med S-bahn fra sentrum. Vi hadde sjekket mulighetene for en båttur, og fant ut at 7 innsjøer ut fra Wannsee hørtes spennende ut. Og det var det! Vi reiste til Wannsee i god tid for å se oss litt om før turen. Rett nedenfor S-bahn ligger innsjøen, og den er omkranset av staselige hus, såpass store at de neppe er privatboliger. Alle båtene var lange og smale, og da vi seilte gjennom kanaler forsto vi grunnen til at de er så smale. Vi startet fra stedet som er markert med et ett-tall. De røde pilene viser retningen, og av kartet framgår det at det var temmelig smalt en del steder. Kapteinen var guide og fortalte om stedene vi passerte. Her var det enorme villaer, og mange "storheter" hadde bodd i, eller gjestet, området. Wannsee var fra før av mest kjent for oss for den såkalte konferansen som ble arrangert der i 1942. Det kan du google. Stedet der konferansen ble holdt er nå et museum. Kapteinen fortalte også om Babelsberg filmstudio. Studioet ble bygget i 1912, er senere utvidet, og er fortsatt i drift. Historien forteller at Hitchcock spilte inn sin første film her i 1924-25, og under andre verdenskrig ble studioet brukt til produksjon av propagandafilmer. Serien Babylon Berlin, som er vist på NRK, ble også innspilt der. Nå er studioet privatisert, og det er laget en publikumspark i tilknytning til det.
Vi startet fra lille Wannsee, og avsluttet i store Wannsee. Der var det enormt med vindsurfere. Det var godt med vind, så de lettet faktisk fra vannet, og suste avgårde i enorm fart. Farkosten ser ut som surfebrett med mast. En av dem hadde ikke mast, men holdt seilet selv, imponerende kraft og teknikk. Wannsee er også kjent for sitt flotte sommerbadområde (sandstrand). Vi fant ikke ut hvor det var, men vandret litt rundt for å finne "sentrum". Det fant vi ikke. Det er både kunsthøyskole og et stor universitet der, men det lå i et annet område enn der vi var. Antakelig må vi dra dit igjen for å utforske mer :-)
No har vi vore her ei veke og vi byrjar å finne ein rytme i kvardagen. Anne skal ha minst to skrivedagar i veka, og på ein av dagane har eg bestemt meg for å ta opp att svømminga som har ligge sørgeleg nede sidan Tøyenbadet vart stengt.
Gledeleg nok ligg det gedigne svømmeanlegget "Schwimm-und Sprunghalle im Europasportpark" (puh) i gåavstand frå oss, på den andre sida av Volkspark Friedrichshain. Litt trøbbel med å finne fram første gongen, da anlegget ser ut til å ligge oppå togskinnene, men ein må gå mange trapper ned, så er det der. Betong og kaldt design liknar på gamle Tøyenbadet, men det kostar berre 3 Euro å koma inn, vatnet var ok, og på føremiddagen var det ikkje mykje folk der. Badstua er stengt, ei av fleire påminningar om at energikrisa her er meir merkbar enn heime enn så lenge. Etter svømminga var det fint å varme seg i Volksparken med ein god kopp kaffe, sittande i flukstol. Den unge kaffemakaren likte forøvrig pønk (eller mulig at det heiter noko anna i dag!?), og det var skikkeleg artig å sitte der, høre musikk og følge med på folkelivet. Ei jente i hengekøye, barn som nyleg var henta på skolen eller frå Kita (barnehage) og sandvolleyballområdet er populært. Ein shaman bur forøvrig i parken, og kan observerast med plakat der han ber om mat, til gjengjeld prøver han å få til fred i verda. All ære til han for det... Det er Freiluftskino i mange av parkane i Berlin, også i vår fantastiske nærpark (5 min å gå!) : Volkspark Friedrischshain. Der såg vi den norske "Verdens verste menneske" dubba på tysk. Eg hadde sett han før, og var ikkje så begeistra for sjølve filmen, bortsett frå at Renate Reinsve er veldig god. Filmen er marknadsført som ein romantisk komedie, noko Anne meiner at han ikkje er, men er fan av både Anders Danielsen Lie og han vi kallar Hamlet ( etter å ha sett han i den rolla på National) . Han heiter altså Herbert Nordrum. Det er plass til 2000 på kinoen, det er kiosk, toalett, pledd og sitteunderlag, heilt proft. Veldig fin oppleving, litt minus for røyking. Det blir henstilt til å ikkje røyke, men mange fleire tyskarar enn nordmenn røyker trur vi, og mange veldig unge. Vi har også ete wienerschnitzel på den tradisjonsrike restauranten Schönnbrunn, hørt på musikarar som ofte spelar i parken og ein kveld da vi var innom for at Anne skulle fotografere månen sprang det jammen ein Waschbär over vegen. Ser i aviser at ein no er redd for at dei skal bli for mange. Det var visstnok Herman Göring som i si tid satte ut vaskebjørnar i Tyskland for å "berike landets mangfold"! Høres ikkjke spesielt nazistisk ut det da!! Parken er den første som vart anlagt som park av det offentlege i Berlin, meir sidan om fleire flotte parkar! Så fekk eg endeleg leigd meg sykkel via Swapfiets, ser ut til å fungere greit med månadsleie. Litt uvant med manuell sykkel no som eg har vore bortskjemt med elsykkel i Oslo i fire år, den første turen på 10 km var tung og tok fleire timar. Men da var det innlagt kaffepause i Tierpark, fotografering av både Siegessäule og Brandenburger Tor og litt kjøring i feil retning! I går, søndag, tok vi buss og U-bahn til Tempelhof. Det var sommerfest på UFA-fabrikken, masse aktiviteter og musikk, og alt var gratis. Her var det mye alternativ-folk, med salgsboder for kaffe, vegankaker, crepes, friterte kokebananer, og mye annet. Og musikk! På scener og hjørner. Barn med mye energi fikk utløp for den med dansing, klatring, hopping, løping, - überalles. Vi ruslet rundt og så og hørte linedance, Atti Platti, Stephen Paul Taylor, Terra Brasisilis, og andre vi ikke husker navnet på. Kjempegøy.
Tredje dag i storbyen og ting er litt meir på plass i leiligheita. Knirkeseng, støv i krokane (som no er borte takka vera to nidkjære husmødre!) og manglande dusjforheng, men elles er vi storfornøgde. God plass, veldig stille, god luft, og triveleg nabolag. Vi prøver å få leid syklar, noko som ikkje har klaffa enno, og enn så lenge er det stort sett vandringar til fots som gjeld. I går skulle eg til Kunsthandwerkmarkt i Charlottenburg og tok først trikken rett borti gata her. Ooops, da eg tok opp mobilen hadde Anne sendt melding på messenger: Har du tatt telefonen min og??! Det hadde eg ja, og dermed var det tilbake same veg med ein annan trikk.. nei, det var visst ikkje same ruta.. litt uoppmerksam og trikken hadde svingt.. same prosedyre ein gong til, og no klaffa det.. Da hadde det gått så lang tid at eg var kaffetørst.. og møtte frua til ein eksellent cortado med havremjølk på ein av nabokaffebarane ( og ein aprikos-croissant) . Luksus å ha tid. På tilbaketuren tok eg den velkjente 200-bussen som går gjennom "halve" byen berre for å få inn litt meir av retningar i byen (retningssansen til oss begge er hmm, litt dårleg!). Frå Zoologischer Garten går han via Tiergarten, Philharmonie, Alexanderplatz til Prentzlauer Berg, og skal ta ca 40 minutt til Hufelandstrasse. Denne gongen tok det litt lengre tid. Det er påbud om FFP2-maske på offentleg transport her, og busssjåføren var nidkjær: Inga maske, ingen busstur med henne! Høglydt annonsering: "Der junge Mann mit caps, Maske tragen!" Og ikkje noko "bitte" her altså! Der junge Mann (und Frau und Kind) måtte hoderystande gå av bussen. Og ein fransk mann (moi? comprend pas!?) måtte stå skolerett framom sjåføren som no hadde reist seg og kom bakover i bussen før han faktisk langt om lenge fekk rota fram ei maske! Ordnung muss sein! Artig at vi akkurat no les ei bok av Susanne Schmidt som starta som bussjåfør i 2020som ei av eit tjuetals vaksne kvinner som vart kampanjeverva inn som "eldre"kvinner i BVG. Begrunnelsa var at "eldre" kvinner har færre skader på bussen samt at dei sannsynlegvis ikkje blir gravide.. Boka heiter "Machen Sie mal zügig die Mitteltüren frei" og er morosam, reflektert og sier mykje om berlinsk mentalitet, og altså da ikkje minst om bussjåførar i byen! Det nederste bildet viser at det er VELDIG mykje spanande som skjer i Berlin framover! Når man har kolonihage kjennes det som om man aldri har hjerte til å reise fra den, men her står vi klar for den lange Berlinhøsten. Tre måneder i Berlin!
Første etappe gikk med Kielferga, avreise kl.14, framme i Kiel neste dag kl.10. Etter en kaffe i Kiel tok vi regionaltog til Hamburg, der vi møtte Dörte og spise currywurst. Neste etappe var med ICE-tog til Berlin. Fin tur. På grunn av en demonstrasjon (vet ikke hva den dreide seg om) var det litt kaos med trikk, men halv fem var vi framme i Hufelandstrasse. |
Kari og Anne på tur. Archives
November 2022
Categories |