Tredje dag i storbyen og ting er litt meir på plass i leiligheita. Knirkeseng, støv i krokane (som no er borte takka vera to nidkjære husmødre!) og manglande dusjforheng, men elles er vi storfornøgde. God plass, veldig stille, god luft, og triveleg nabolag. Vi prøver å få leid syklar, noko som ikkje har klaffa enno, og enn så lenge er det stort sett vandringar til fots som gjeld. I går skulle eg til Kunsthandwerkmarkt i Charlottenburg og tok først trikken rett borti gata her. Ooops, da eg tok opp mobilen hadde Anne sendt melding på messenger: Har du tatt telefonen min og??! Det hadde eg ja, og dermed var det tilbake same veg med ein annan trikk.. nei, det var visst ikkje same ruta.. litt uoppmerksam og trikken hadde svingt.. same prosedyre ein gong til, og no klaffa det.. Da hadde det gått så lang tid at eg var kaffetørst.. og møtte frua til ein eksellent cortado med havremjølk på ein av nabokaffebarane ( og ein aprikos-croissant) . Luksus å ha tid. På tilbaketuren tok eg den velkjente 200-bussen som går gjennom "halve" byen berre for å få inn litt meir av retningar i byen (retningssansen til oss begge er hmm, litt dårleg!). Frå Zoologischer Garten går han via Tiergarten, Philharmonie, Alexanderplatz til Prentzlauer Berg, og skal ta ca 40 minutt til Hufelandstrasse. Denne gongen tok det litt lengre tid. Det er påbud om FFP2-maske på offentleg transport her, og busssjåføren var nidkjær: Inga maske, ingen busstur med henne! Høglydt annonsering: "Der junge Mann mit caps, Maske tragen!" Og ikkje noko "bitte" her altså! Der junge Mann (und Frau und Kind) måtte hoderystande gå av bussen. Og ein fransk mann (moi? comprend pas!?) måtte stå skolerett framom sjåføren som no hadde reist seg og kom bakover i bussen før han faktisk langt om lenge fekk rota fram ei maske! Ordnung muss sein! Artig at vi akkurat no les ei bok av Susanne Schmidt som starta som bussjåfør i 2020som ei av eit tjuetals vaksne kvinner som vart kampanjeverva inn som "eldre"kvinner i BVG. Begrunnelsa var at "eldre" kvinner har færre skader på bussen samt at dei sannsynlegvis ikkje blir gravide.. Boka heiter "Machen Sie mal zügig die Mitteltüren frei" og er morosam, reflektert og sier mykje om berlinsk mentalitet, og altså da ikkje minst om bussjåførar i byen! Det nederste bildet viser at det er VELDIG mykje spanande som skjer i Berlin framover!
8 Comments
Tone
4/9/2022 12:12:24
Hæli å læs, glæ mæ te fortsettelse følger👏🙏🏻👍
Reply
Jasemin
4/9/2022 12:24:58
Yey!! Så artig med blogg, håpe på jevnlig oppdatering ❤️
Reply
Gerd
4/9/2022 16:59:00
Blir spennende å følge dere!
Reply
May-Len Skilbrei
4/9/2022 18:20:13
Gleder meg til å følge med på turen deres!
Reply
Irene W
5/9/2022 09:30:54
Hele høsten i Berlin da! Høres fantastisk ut!
Reply
Swantje
5/9/2022 10:47:15
Willkommen in Deutschland's Hauptstadt🇩🇪🙂♥️. Ich kann den Bussfahrer bis hierher hören. Wie unangenehm 🤨. Und dabei ist die deutsche Sprache sooo reich und vielseitig 🙂. Nein, nein...
Reply
Kari Folvik
5/9/2022 23:02:15
Ja Swantje! Es war so lustig mich selbst auf der Leinwand zu sehen. Man hat die Szene zehnmals gefilmt...Heute Abend waren wir in Freiluftskino Friedrichshain um Verdens verste menneske zu sehen..mit deutschen Stimmen!
Reply
Ruth Folvik
6/9/2022 08:01:46
Følger med dere på reisen Kari&Anne😊Arti å læs…
Reply
Leave a Reply. |
Kari og Anne på tur. Archives
November 2022
Categories |