Det året eg studerte tysk på UiO var ein stor motivasjon å kunne lesa bøker på tysk og da eg i fleire år også kjøpte inn tyske bøker for Deichman, fekk eg ei viss oversikt. Framleis er det mange ord eg ikkje forstår, men eg har gått bort frå å stadig slå opp i ordboka eller på nettet. Det hender at eg noterer ned ord og uttrykk som er artige eller spesielle da. Ein forfattar eg har fulgt ei stund er Natasha Wodin. Eg kom over boka hennar "Sie kam aus Mariupol" (Hun kom fra Mariupol) på ein bokhandel i Berlin for eindel år sida og vart veldig fascinert. Det er ein sjølvbiografisk roman der ho etterforskar livet til mor si som tok livet av seg da Natasha var 9 år. Dei bodde da i Tyskland, men foreldra vart sende som tvangsarbeidarar frå Ukraina til Tyskland under krigen, som millionar andre frå Øst-Europa også vart. Natasha er eit barn som klarer seg mot alle odds. No held eg på med oppfølgaren, " Irgendwo in diesem Dunkel" ("Ein eller annan stad i dette mørket") der ho skriv om far sin, ein brutal mann som ho ønsker livet av, men som ho også heng fast ved, korleis kom han til å bli slik han vart? Eg har også lese den nyaste romanen hennar, " Nastjas Tränen", om ei Putzfrau (vaskekone) frå Ukraina som oppheld seg uloveg i Tyskland med stadig fare for å bli oppdaga av styresmaktene og sendt tilbake. Desse bøkene, spesielt den første. MÅ omsetjast til norsk! Eg prøver å få forlag interessert. Sasa Stanisic er ein forfattar eg vil anbefale. Eg las Herkunft på norsk ( Der du kommer fra) utmerka omsett av Astrid Nordang. Stanisic kom til Tyskland som flyktning frå Bosnia i 1992 og romanen handlar om å koma til eit nytt land, ny kultur, utanforskap, men også om røtene i heimlandet der vi serleg får ei sterk skildring av ei bestemor som eg-personen elskar, men som no ser ut til å bli dement. Og nei, boka er ikkje traurig eller vanskeleg å lesa, ho er spanande, rørande og du lærer ein god del! Stanisic fekk den høgthengande Deutscher Buchpreis for denne romanen i 2019. Han har to andre bøker på norsk også, biblioteket er ditt! Marlen Haushofer sin klassikar "Veggen" var lenge utseld på norsk, men kom heldigvis i nytt opplag i år. Eg fekk boka for mange års sidan av veninne Marit med oppfordring om at denne MÅ lesast, men boka vart ståande i hylla.. heilt til Anne las ho og var oppglødd; for ei leseoppleving!
Så prøvde eg meg, og ja, det er ei heilt spesiell bok. Ein kvinne er åleine i ei jakthytte i dei austerrikske fjella, venene ho kom saman med kjem ikkje tilbake frå den lokale "Bierstube" dei gjekk til, berre hunden "Luchs".. Kva har skjedd? Boka kan lesast som ein litt spesiell krim, som ein utopi, som eit framtidsmareritt og det er utallige tolkingar av boka. For meg er boka også veldig filosofisk: Kva ville eg har gjort i denne situasjonen? Men uansett tolkingar, berre les sjølv, på tysk, norsk eller engelsk! Boka er filmatisert med den eminente Martina Gedeck i hovudrolla, veldig fin og det har vore mange teateroppsettingar. For nokre år sidan såg eg ei fin tolking i Hamburg og i går kveld var vi på Deutsches Theater og såg "Sophie Rois fährt gegen die Wand" i 1.5 timar! Godt gjort, men ingenting slår BOKA! Jenny Erpenbeck er ein tysk forfattar som er veldig i vinden akkurat no. Eg har berre lese "Gehen, ging, gegangen", ("Gå, gikk, gått"), om ein pensjonert lærar som engasjerer seg i Syria-flyktingane han ser kvar dag utafor vinduet sitt. Har også på planen å lesa den siste, "Kairos", som er mykje omtalt, også omsett til norsk. Eg skal skrive meir om bokhandlar i Berlin litt seinare, det er veldig mange! Eg snakka med Steffi i "Der Insel", ein av dei lokale her og undra meg litt over at dei hadde overlevd koronaen, alt var jo stengt her mykje lengre enn heime. Ja, dei fleste har klart seg, sa ho, folk hadde kjøpt og lest bøker som aldri før, tinga på nett og fått tilsendt, eller fleire hadde hatt henteordning. Her står papirboka sterkare enn i Norge har eg inntrykk av, det gjeld og papiraviser og tidsskrift. Mange bokhandlar har blogg, men gir også ut papirversjonar fleire gongar i året, og ein finn alltid gratis lesestoff når ein snusar rundt som eg gjer! Altså kunne eg ha vore i Berlin veldig lenge og fylt dagane kun med bokhandlar og bøker, samt bibliotek som eg sikkert også kjem tilbake til! Hurra!
1 Comment
Sylvi Linge Hermansson
16/9/2022 16:31:58
Herlig, Kari!
Reply
Leave a Reply. |
Kari og Anne på tur. Archives
November 2022
Categories |