No har vi vore her ei veke og vi byrjar å finne ein rytme i kvardagen. Anne skal ha minst to skrivedagar i veka, og på ein av dagane har eg bestemt meg for å ta opp att svømminga som har ligge sørgeleg nede sidan Tøyenbadet vart stengt.
Gledeleg nok ligg det gedigne svømmeanlegget "Schwimm-und Sprunghalle im Europasportpark" (puh) i gåavstand frå oss, på den andre sida av Volkspark Friedrichshain. Litt trøbbel med å finne fram første gongen, da anlegget ser ut til å ligge oppå togskinnene, men ein må gå mange trapper ned, så er det der. Betong og kaldt design liknar på gamle Tøyenbadet, men det kostar berre 3 Euro å koma inn, vatnet var ok, og på føremiddagen var det ikkje mykje folk der. Badstua er stengt, ei av fleire påminningar om at energikrisa her er meir merkbar enn heime enn så lenge. Etter svømminga var det fint å varme seg i Volksparken med ein god kopp kaffe, sittande i flukstol. Den unge kaffemakaren likte forøvrig pønk (eller mulig at det heiter noko anna i dag!?), og det var skikkeleg artig å sitte der, høre musikk og følge med på folkelivet. Ei jente i hengekøye, barn som nyleg var henta på skolen eller frå Kita (barnehage) og sandvolleyballområdet er populært. Ein shaman bur forøvrig i parken, og kan observerast med plakat der han ber om mat, til gjengjeld prøver han å få til fred i verda. All ære til han for det... Det er Freiluftskino i mange av parkane i Berlin, også i vår fantastiske nærpark (5 min å gå!) : Volkspark Friedrischshain. Der såg vi den norske "Verdens verste menneske" dubba på tysk. Eg hadde sett han før, og var ikkje så begeistra for sjølve filmen, bortsett frå at Renate Reinsve er veldig god. Filmen er marknadsført som ein romantisk komedie, noko Anne meiner at han ikkje er, men er fan av både Anders Danielsen Lie og han vi kallar Hamlet ( etter å ha sett han i den rolla på National) . Han heiter altså Herbert Nordrum. Det er plass til 2000 på kinoen, det er kiosk, toalett, pledd og sitteunderlag, heilt proft. Veldig fin oppleving, litt minus for røyking. Det blir henstilt til å ikkje røyke, men mange fleire tyskarar enn nordmenn røyker trur vi, og mange veldig unge. Vi har også ete wienerschnitzel på den tradisjonsrike restauranten Schönnbrunn, hørt på musikarar som ofte spelar i parken og ein kveld da vi var innom for at Anne skulle fotografere månen sprang det jammen ein Waschbär over vegen. Ser i aviser at ein no er redd for at dei skal bli for mange. Det var visstnok Herman Göring som i si tid satte ut vaskebjørnar i Tyskland for å "berike landets mangfold"! Høres ikkjke spesielt nazistisk ut det da!! Parken er den første som vart anlagt som park av det offentlege i Berlin, meir sidan om fleire flotte parkar! Så fekk eg endeleg leigd meg sykkel via Swapfiets, ser ut til å fungere greit med månadsleie. Litt uvant med manuell sykkel no som eg har vore bortskjemt med elsykkel i Oslo i fire år, den første turen på 10 km var tung og tok fleire timar. Men da var det innlagt kaffepause i Tierpark, fotografering av både Siegessäule og Brandenburger Tor og litt kjøring i feil retning!
1 Comment
Ruth
9/9/2022 22:19:01
Høres ut domvet strålende hverdagsliv😘
Reply
Leave a Reply. |
Kari og Anne på tur. Archives
November 2022
Categories |