Ein dag eg sykla rundt i Prenzlauer Berg kom eg over ein fin port med overskrifta: »Schafft hier das Leben gut und schön, / kein Jenseits ist’s, kein Aufersteh’n." Fritt omsett noko sånt som: Lev livet her og no, det er ikkje noko hinsides og ikkje nokon oppstandelse. Oi, kva var dette? Det viste seg å vera gravlunden til "Freigeistige Gemeinschaft Berlin- Freireligiöse Gemeinde" På ei oppslagstavle stod det litt om historia og eg vart serleg interessert i ei kvinne ved namn Agnes Wabnitz. I Berlin er det "Tag des offenen Denkmals" den første lørdagen i september og vi meldte oss på til Führung på gravlunden. (Her kan bemerkast at det ofte står påmelding til slike omvisingar, og det var fleire eg kunne ha tenkt meg den dagen som eg oppdaga for seint. Men no har eg lært at et eigentleg ofte berre er å møte opp og så får du bli med likevel!) Vi vart møtt av Vorsitzende Ann-Kathrin Pauk som ga oss ei historisk bakgrunn for gravlunden som no er freda, men er åpna som offentleg park og har m. a eit mråde med leikeapparat som blir flittig brukt av barna i nærområdet. Foreninga har no satt i gang eit forskingsprosjekt rundt Agnes Wabnitz da det er mykje som er uklårt eller som ein ikkje veit om historia hennar. Ho var fødd i 1842 i ein ganske velståande familie, men som i mange familiar råka mor og barn ut i fattigdom da faren døde. Ho byrja å sy og vart talskvinne for syerskane. Ho hadde ei evne til å snakke i forsamlingar som etterkvart ga henne ry blant arbeidsfolk. Ho agiterte for likeløn, rettsleg likestilling mellom menn og kvinner og også for religionsfridom, det siste var svært kontroversielt i eit samfunn der kirka hadde monopol på mange område. Ho fekk oppdrag om å halde foredrag i mange byar i Tyskland, men etter eit møte i Frankfurt i1891 vart ho fengsla for "oppviglari". Det vart fleire fengselsopphald, ho gjekk til sveltestreik, vart stempla som sinnssjuk og tvangsinnlagt på psykiatrisk, og til sist etter å ha blitt tvangsfora i fengslet, skulle ho igjen sone. Da klarte ho ikkje meir, sydde sin eigen gravdrakt og tok livet av seg . Ho etterlot seg ikkje noko skriftleg og det er nok eindel av forklåringa på at ho nesten har blitt glømt i motsetning til kvinner som Rosa Luxemburg og Clara Zetlitz. På mange måtar var ho ei av formødrene deira, og no i dag er det fornya interesse rundt henne. I gravferda hennar kom det 40 000 menneske, det var ein stille politisk demonstrasjon og den største som til da vart halde i Tyskland. På omvisinga fekk vi og sjå grava til Heinrich Roller, oppfinnar av eit spesielt stenografisystem, sjå gravsteinen:
1 Comment
Tone Folvik
2/10/2022 13:48:34
Så my interessant å læs om🍁
Reply
Leave a Reply. |
Kari og Anne på tur. Archives
November 2022
Categories |