Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25

2024

Wisconsin!

12/5/2024

1 Comment

 
Oldemor mi, Marit Gjønnes, hadde tre søsken som emigrerte til USA på slutten av 18-og byrjinga på 1900-talet.
Det var eldstesøstra Marta, og brørne Anders og Einar, av desse var det berre Einar som kom tilbake på besøk på 1960-talet.
Marta sendte brev og nokre av desse har eg arva frå ei anna søster, Karen (som alle kalte Kalle).
Det er brev som fortel om dagleglivet på garden i Wisconsin med hardt arbeid, og det er rørande brev om da dottara vesle-Karen døde da ho var 11 år. Ein annan bror, Ola, skriv til Marta og fortel om den dagen mor Karen (det blir mange Karen her!) døde.. og det er lett å skjøne at Marta sakna mor og resten av familien, ho hadde aldri sjansen til å reise tilbake.
Men heldige oss som kan reise og besøke etterkommarane i Wisconsin, Minnesota og Oregon.
I Frederic, Wisconsin, var det tillyst family reunion, som vi også var med på i 2017, og det vart ein flott dag i strålande solskin. Karen (!), ei av tre spreke søstre i 80-åra, hadde arrangert både ute og inne, mellom anna med store oppslag i garasjen med familietre og bilder. Andre hadde tatt med seg bilder, heimvovne teppe (Orkdalsmønster), kiste som emigrantane hadde tinga sine i, ein fin gamal kjole, eit sjal etc.
Det var Gud signe maten på vårt bord trestemt, kontaktar vart knyta og praten gjekk med gamle og nye bekjente. Alle hadde med mat, mellom anna var det fårikål, lefse, og i trøndersk stil var det gode kaker.
Dagen etter besøkte vi familiegravene på to ulike gravplassar; i USA er det visstnok ein lov som sier at ingen gravar kan blir sletta før den siste som er gravlagt der har ligge der i 100 år, og det er store område satt av.
Nokre gravlagde har to steinar, det er dei som har vore i det militære, og det er stor honnør og markering på Memorial day som er 26 mai.
Deloris, ei av dei utrulege spreke søstrene var forresten ein pioner i det militære (oberst), og fekk t.d gjennom at kvinner kunne bruke  bukser i teneste!
Vi besøkte skulen i Clam Falls der den eldre generasjonen gjekk, den liknar på min gamle Sølberg skule med 18 elevar! Kirka var og er viktig, og i gangen der var det konfirmasjonsbilder av mange i familien Gjønnes/Engen.
I det heile tatt, fine og hjartevarme dagar, allerede første gongen eg var der kjente eg på at dette er slekta mi.
Kalle hadde fortalt så mykje om dei, eg har arva albumet hennes med alle bilda, og dei har dei same verdiane som mange av mine formødre/fedre har, arbeidssame, nøysame og kristne. Mange av dei har vore på besøk i Norge opp gjennom åra, og i dei siste har vi tatt i mot nokon kvar sommar, det er veldig triveleg!
Picture
Gjønnesfolket kjem!
Picture
Her er Kari, Karen og Kari ved grava til vesle Karen, 11 år. No skal det settast opp ein stein for henne.
Picture
Norskamerikanar som kom frå Tenessee
Picture
Her skal det takast gruppebilde!
PictureRaymond, Kari, Terri, Karen og Deloris
Ingen av slektningane driv jordbruk lenger, men da eg kjørte rundt med Raymond spurte eg litt om kva som blir dyrka, og det var veldig mykje mais. Elles var det ein god del attgrodde område slik det også er heime. Eit interessant fenomen er at det er fleire Amish-busettingar her, og dei dyrkar jorda og lever mest mogleg på gamlemåten.  Dei er gjerne dyktige handverkarar og, og har godt renomme, dei driv sal av grønsaker og frukt og marknadsdagar, så antakeleleg er dei viktige for å halde liv i landsbygda pr. i dag.

1 Comment
Jamie link
21/5/2024 04:00:04

Dette er jo som tatt ut av en film, mye av det. Kan se det levende for meg. Så driftige og dyktige damer! Det er imponerende.

Så gøy med slektstreff 😊

Reply



Leave a Reply.

    Author

    Kari og Anne liker å formidle og dele. Det gjør vi her :-)

    Archives

    June 2024
    May 2024
    April 2024

    Categories

    All

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25