Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye

2024

England/Southampton

28/4/2024

0 评论

 
Eg tok fly og hadde ein og ein halv dag i London før den store USA/Canadaturen skulle starte, medan Anne brukte tre dagar på å reise gjennom 4 land på veg til Southampton! Ho er meir miljøvenleg enn meg altså...
Det er alltid fint å vera i England med mange hyggelege folk. Eg budde på eit trestjerners hotell i Bloomsbury med verdas trivelagaste resepsjonist/altmuligmann, Faroque. Eg er veldig glad i dette området der eg alltid ( høres ut som eg er i London stadig vekk, det er eg ikkje!) besøker bokhandelen London Book Review med ofte fine anbefalingar og kafe med gode kaker. Eg hadde bestemt meg for å kjøpe 1-ei- bok, og utrueg nok klarte eg å halde meg der.. ein biografi om Carson McCullers, interessant.
Fekk med meg den fine fotoutstillinga "Portraits to dream in" med den legandariske Julia Margaret Cameron og den notidige Fransesca Woodman, ofte drømmande kvinneportrett, eg synest førstnemnte er heilt fantastisk, ho er født i 1815 og døde i 1879. Ho var forresten tanta til Julia Stephen, mora til Virginia Woolf, og tok mange fotografi av  henne. Om kvelden hadde eg billett til eit nytt stykke på National Theatre om Brontë-søstrene: "Underdog, the other other Brontë". Britane er stadig fascinerte av desse tre Yorkshiresøstrene som alle var forfattarar, og kanskje konkurrentar som det blir spekulert i. Topp skodespelarar, spanande scenografi.
Anne og eg avtalte møte på Waterloo station, og satte oss på toget sørvestover, ein kort og fin tur.
Picture
Picture
Fireman Edward Harris
Picture
Sailors`s home i Southampton, no er det Salvations Army som held hus her
Picture
Anne i rhododendronparken!
Picture
White Star Tavern
I Southampton bodde vi på White Star Tavern, eit to hundra år gamalt hus med sjel! Mange hyggelege folk som liker jobben sin, svarer på spørsmål  og tek seg til til ein prat. Det er pub/restaurant i første etasje, nydeleg mat også. Anbefalast!
På veg til museet Seaside story fekk vi oss ein flott tur gjennom ein rhododendronpark i full blomstring. Vi fokuserte på utstillinga som tar for seg kor mykje forliset av Titanic verka inn på innbyggarane i Southampton der skipet gjekk ut frå  10 april 1914.
Eg har gjennom åra lese ein del om Titanic og også sett dokumentarar, men det har vore svært lite søkelys på dei lokale arbeidarane som mista livet ved forliset.
Southampton var ein stadig veksande by  i 1912 med mykje industri.  Nokre år før hadde det vore gruvestreik og det var generelt urolege tider, så da kompaniet White Star lyste ut stillingar til flaggskipet Titanic var det svært mange som søkte, også av dei som aldri hadde arbeidd på båt.
Mange familiar hadde forhåpningar til at ektemann eller son skulle koma tilbaka med gode pengar.
Utstillinga er godt laga: Dei har plukka ut nokre menneske som vi følger frå 10 april til den dagen båten går ned, 15 april. Det gjer alt meir levande for oss og vi kan sjå dei for oss:
Enka Mabel Bennett som mønstra på som stewardess, den unge «lookout»guten og kapteinen.
Så mange liv, så mange historiar: Tvillinggutane som unnslapp fordi dei var på pub og fekk veldig dårleg tid da båten skulle gå; da dei skulle krysse jarnbanelinja, kom toget og dei måtte vente.. dermed kom dei for seint... Ein får lyst til å undersøke korleis det gjekk med dei seinare i livet.
Fireman Edward Harris som pantsette dei beste skoa sine før han gjekk ombord slik at kone og barn hadde noko å eta mens han var på sjøen; når han kom tilbake kunne han løyse dei inn att med ein del av hyra si..
Southampton var ein veldig delt by med stor skilnad på fattige og rike, og slik er det nok framleis. Vi såg veldig dårleg vedlikehaldne bygningar og nedlagde varehus. Meir  vart det ikkje tid til før avreise med Queen Mary 2 neste dag.

0 评论

Planlagt reiserute for den store USA og Canada-reisen

2/4/2024

0 评论

 
Vi planlegger å være borte i omtrent to måneder.
Det blir spennende å reise med båt over Atlanteren, fra Southampton til New York, syv døgn. Vi har ikke internett ombord.
Vi blir et par dager i New York, før vi reiser med tog til slekt og venner i Minnesota og Wisconsin. Derfra toger vi videre tli Seattle og Oregon, der har vi også slekt og venner.
Etter besøk i Portland, Astoria, Tacoma og Seattle tar vi fly til Anchorage, Alaska. Der reiser vi rundt en uke.
Tilbake fra Alaska har vi noen dager i Vancouver før vi tar tog retning Toronto, en firedagers togtur.
Vi blir i Toronto i ti dager, forhåpentligvis får vi også sett Niagara Falls, før vi reiser hjem med fly.
På kartet i headingen har vi lagt inn noen røde prikker der vi har opphold.
Oversikt over noen av togreisene:
Picture
Picture
Kartene viser langreisene, vi skal også ta lokale tog og busser. Langreisene i USA er med Amtrak.
Reisen fra Vancouver til Toronto er med VIA Rail.
Picture
0 评论

    Author

    Kari og Anne liker å formidle og dele. Det gjør vi her :-)

    Archives

    June 2024
    May 2024
    April 2024

    Categories

    All

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye