Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25

2024

Queen Mary 2

4/5/2024

0 Comments

 
Sakte reising de luxe! Det var den første lengre båtreisa mi ( har hatt 2-3 døgn på Hurtigruta), og eg likte det veldig godt. Vi hadde balkong, rett nok sat vi ikkje noko serleg der i og med at det var ganske kjøleg mesteparten av tida, men det var likevel fint å åpne døra til stille hav eller bølger, og ikkje minst vakne og ligge og berre sjå og la tankane fly. Data-detox nokre dagar er også fint, litt rastlaus den første dagen, eg er ganske flittig fb/nyheitsbrukar elles...
Kva gjorde eg ombord? Hadde korøving kvar dag med konsert på lørdagen, kjempefint! Eg har alltid tenkt at eg skal synge i kor att, og no fekk eg verkeleg lyst til det. Det er noko med å vera tilstades her og no og berre konsentrere seg om å synge, deilig! Vi hadde unge, proffe folk som korleiarar, og song alt frå "Yesterday", "Thank you for the music" til kampsongen "Do you hear the people sing" frå Les Miserables. Sistnemnte er skikkeleg fengande og passande for 1 mai ombord ( ein av dei få 1 mai'ane eg ikkje har gått i tog forøvrig).
Picture
Stas!
Picture
Dei unge korleiarane. Dei hadde også eigen konsertar med song og dans ombord.
Dette fører jo til spørsmålet om arbeidsforhalda for dei 1292 tilsette om ombord?
Det fekk vi ikkje vite, det er nok ikkje heilt comme il fault å spørre direkte om det, men dei jobba iallfall lange dagar og heile tida.
Anne snakka med frisøren sin og ho hadde 9 månaders kontrakt, var filippinsk og hadde gått ombord i Cape Town..
Det er mulig at dei fleste jobbar på kontraktsbasis...
Dans: Det var fleire dansekurs, og vi tenkte å gå på nokre av dei, men det vart berre ei økt med linedans, artig, men litt ukoordinert frå mi side!
Bibliotek: Ei stor hylle med bøker som folk hadde donert, hummer og kanari der, men absolutt mogleg å finne noko bra på primært engelsk, litt på tysk. Sitteplassar med utsikt, vi sat der lenge første kvelden og hadde ein god prat med ei Manhattan-dame, litt Woody Allenfilm-aktig! Oppgitt over den amerikanske politikken...
Picture
Picture
Picture
Prat med folk: På det faste bordet vårt sat vi ved sida av eit tysk par, så da fekk vi praktisert tysken, dei feira mannen sin 60-årsdag. Ein interessant prat fekk vi med Mary May og David frå Carolina. Ho driv med restaurering av gamle bygningar, treskjering og dekorasjonsarbeid, diskuterte eindel politikk med dei. Ikkje optimistisk med tanke på korleis amerikanske politikk er, dei har ingen tiltru til politikarar generelt.
Anne vart kjent med sveitsaren Oliver, operaelskar ( Lise D!), teaternerd, og reiste tydelegvis alltid åleine, no hadde han fått turen over som gebursdagsgåve frå far sin.
Den siste kvelden prata vi med eit ungt par frå Paulsby utafor Seattle! Ein norsk landsby, og han hadde vore masse i Norge på jobb, ho skulle vera med neste gong og sjekke norske aner.
I det heile tatt, mange folk, dei aller fleste veldig hyggelege!
Mat: Masse! frukost, lønsj, afternoon tea og middag, vi åt ikkje alle desse kvar dag.
Picture
0 Comments



Leave a Reply.

    Author

    Kari og Anne liker å formidle og dele. Det gjør vi her :-)

    Archives

    June 2024
    May 2024
    April 2024

    Categories

    All

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25