Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25

2024

New York

6/5/2024

0 Comments

 
Når Anne og eg går ut frå eit hotell eller kva det no er, tar vi nesten alltid feil retning før vi oppdager på google maps at vi må snu! Det gjorde vi i NY også, men kom forbi Route 66 med masse motorsykkelmodellar på veggane og hyggeleg personale, der hadde dei nydeleg frukost, avacado-omelett med masse frukt, nam. Kvifor lagar vi ikkje slikt heime?
Det første målet var High Line, som er ein fantastisk park anlagt på ei nedlagt jernbanelinje, 2.3 km lang. Det veks tre, buskar, blomster langs vegen og det er masse kunst, både permanent og skiftande. Ein fantastisk ide som vart lagt fram av eit par lokale menn først, og som etterkvart fenga også hos byregjeringa.
Veldig populært, og til tider litt køgåing. Det vi observerte undervegs var at langs parken reiser det seg no nye bustader for folk med mykje pengar. Høgst sannsynleg var dette ikkje eit serleg attraktivt område å bo i før parken vart anlagt og dei som budde her er nok utkasta, eller husa er rivne. Gentrifisering, så det flotte prosjektet som i utgangspunktet ville høyne livskvalitet og trivsel går ut over dei som har minst, eit ikkje ukjent fenomen..
Turvegen gjekk ikkje i rett linje og vi gjekk i feil retning først, så vi gjekk nok lengre enn 2.3 km, målet vårt var i retning Greenwich village.
Picture
Her er ein del av High line
Picture
What if they bark? er namnet på denne musikalske fiskeinstallasjonen av Cosima von Bonin.
Picture
Kunstverket "Old tree" av Pamela Rosenkranz, sett frå gateplan
Picture
Old tree av Pamela Rosenkranz skal stå til novemner 2024
Picture
I slentremodus
Picture
Karon Davis: Curtain call på High LIne
Picture
Utsikt til parken LIttle Island ved Hudson river, åpna i 2021
Eg ville gjerne besøke bokhandelen Three lives som har klart å halde det gåande i over 40 år, dei har kunnskapsrike folk og eit triveleg miljø. I og med at eg hadde lest ein biografi om Carson McCullers, men ikkje noko av henne, kjøpte eg den siste romanen ho skreiv, The member of the wedding, fordi det var den tynnaste. Tok bilde av mange andre fristelsar for evt. seinare bruk!
Vi fekk oss god kaffe på ein nabobar, og sat lenge og observerte ein fars baseballtrening av sonen, artig!
Picture
Vi måtte besøke den legendariske Stonewall Inn som var åstad for homoopprøret 28 juni 1969. Politiet raida jamnleg
utestaden for skeive, men ein dag var det nokre av gjestane som hadde fått nok og satte seg til motverge. Dette vart springbrettet til ei vaksande skeiv rørsle som spreidde seg til heile vesten i første omgong.
No var det livleg biljardsepeling og prat der, jovial stemning. Men bygninga bar preg av at det var starta oppussing i bygget og det trengst nok, det var ganske mykje mugglukt!
Vis a vis er det ein liten, no ganske sliten, park med the Gay liberation monument som består av to sittande damer som forsiktig berører kvarandre (!) og to ståande menn.
Det burde jo ikkje vera provoserande, men det var strid om å sette det opp, det kom opp i 1992 da, kunstnaren er George Segal.
Picture
Dei to lesbene, pluss ein "random" personage som eg berre måtte ta bilde av!
Picture
History lesson
Picture
Blide i Stonewall-parken
Vi bestemte oss for å gå tilbake til hotellet på Manhattan, og turen som skulle ta ca 1 time, tok nok 2.5 iallfall. Mykje å sjå på, mellom anna fantastiske streetdansarar!
Tilbake på rommet var det berre å stupe i seng og sove tiltrass for den bråkete vifta utafor og veeldig mykje trafikk!
Picture
Her tok en av danserne salto over hodet på jenta som hadde fått beskjed om å ikke røre på seg.
Picture
0 Comments



Leave a Reply.

    Author

    Kari og Anne liker å formidle og dele. Det gjør vi her :-)

    Archives

    June 2024
    May 2024
    April 2024

    Categories

    All

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25