Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye

Berlin 2022  -  en blogg

Utstillingar!

20/11/2022

0 Comments

 
Det vrimlar sjølvsagt av utstillingsplassar i Berlin, målari, skulptur, foto, gamalt og nytt. Her er noko av det eg har sett og som eg har likt spesielt godt og/eller har berørt meg:
1.  Mona Hatoum på Georg Kolbe-museet.
Kunstnaren er født i 1952 i Beirut og bor i London. Ho er rekna som ei av dei store i sin generasjon og dette er den første store retrospektive utstillinga med henne i Tyskland. Ho er svært mangfaldig og driv med performance, video, intallasjonar, skulptur, papirarbeid. Tema er marginalisering  og utanforskap, statleg kontroll etc.
​Ho tar ofte utgangspunkt i eigen kropp og nokre av arbeida vi såg på museet kunne minne litt om det som Marina Abramovic gjer.
Det er vanskeleg å gjengje inntrykk frå videoar og også med dei fotografia vi klarte å ta, men her er nokre:
Picture
Nail neclace, 2018. Ja, smykket er laga av kunstnaren sine fingernaglar! Korleis har ho fått til dette?
Picture
Remains of the day, 2016-2018. Dette er ein del av heile kunstverket, ein heim som er utbrent.. Arbeidet er utført i ståltråd.
Picture
Shift, 2012: Verda som målskive? Teppe i ull
Georg Kolbe-museet er i seg sjølv verdt eit besøk. Billedhoggaren Kolbe bodde og hadde atelier i huset, det er i dag freda, med skulpturar både inne og ute, både hans eigne og andre kunstnarar sine. Vakker hage og nydeleg kafe gjer det til ein fin utfluktsstad som anbefalast. https://georg-kolbe-museum.de/
Picture
Picture
Kafebygget
Picture
,   Brücke-Museum
Museet ligg i Dahlem omgjeve av fornemme hus like ved Grünewald som er ein populær utfartsstad. Ved bygginga av huset vart det lagt vekt på at naturen rundt skulle vera eindel av opplevinga, og det føler ein sterkt ved besøket der. Brücke var eit kunstnarkollektiv som vart grunnlagt i 1903 i Dresden av arkitekturstudentane Ernst Ludwig Kirchner, Karl Schmidt-Rottluff, Fritz Bleyl og Erich Heckel. Seinare kom  m.a Max Pechstein og Otto Mueller til, og ei kort tid også den meir kjente Emil Nolde. Museet vart bygd i 1967, og husar ei stor samling ekspresjonistisk kunst av dei før nemnte kunstnararne og også andre innkjøpte.
No i haust er hovudutstillinga kalla "How to Brücke Museum: Ein Blick hinter die Kulissen" og tar for seg m.a korleis vi ser på eit bilde ut frå kven vi er,  kven som velger ut, etc. Veldig interessant og artig vri på ei utstilling synest eg. M.a hadde absolutt ALLE som arbeider på museet, frå reingjeringspersonalet via teknikarane til kuratorar og formidlarar, valgt ut yndlingsbildet sitt og fortalt om kvifor dei har valgt det, anten med video, lyd eller skriftleg. Utstillinga tok også opp korleis bilda blir sett i dag ut frå vår tids syn på kolonialisering, rasisme, kvinnesyn etc.
Dette er eit "mannleg" museum, men dei tar fram nokre kvinner som har vore meir usynlege, m.a veverskar som vevde etter mønster frå dei mannlege kunstnarane. 
Dei legg vekt på å skifte utstillingar ganske ofte, så eg skal definitivt tilbake ved eit seinare Berlin-besøk, evt. kombinert med ein tur i Grünewald.
Picture
Lise Gujer, bildevev etter ein skisse av Ernst Ludwig Kirchner, 1952.
Picture
Max Kaus: Selbstbildnis, 1919
Picture
Max Kaus: Liegende Frau mit Katze, 1921
Picture
Max Pechstein: Liegender Akt mit Katze, 1909
Picture
Her ligg huset! Og parken rundt, gler meg til å gå inn!
Picture
Huset i skogen og skogen inn i huset
Før ein går inn i huset blir ein møtt av skulpturar av Bernhard Heiliger. Og fin kafe like ved: Dette var ein nydeleg haustdag, litt kjøleg, men med pledd er det fint å sitte ute.
Picture
Picture
Picture
​Paula Modersohn-Becker i Bremen
Ho har lenge vore ein favoritt og eg har vore i museet/galleriet hennar ein gong før, men no ville eg ta ein tur til Bremen, berre 3 timars togtur frå Berlin. Tenkte også å besøke heimen hennar (og mannen Otto M-B) i landsbyen/kunstnarkolonien Worpswede, men huset stengte for sesongen dagen før eg kom, så akkurat det var dårleg planlegging!
​Paula er ei av få kvinnelege kunstnarar i verda som har sitt eiga museum/galleri, eg kjem berre på Käthe Kollwitz her i Berlin/Köln og Frida Kahlo i Mexico..?
Paula Modersohn-Becker var fødd Minna Hermine Paula Becker i Dresden i 1876 og døde i Worpswede i 1907 etter å ha født ei dotter.
Ho er rekna som ei tidleg ekspresjonist og hadde ein stor produksjon, på 14 år laga ho iallfall 750 målari og 1000 teikningar som er bevarte, samt eindel trykk.
Ho var den første kvinnelege kunstnaren som måla akt-sjølvportrett.
Ho hadde fleire opphald i Paris, og var nær veninne med bilethoggaren Clara Westhoff, som seinare vart gift med Rainer Maria Rilke, Paula fekk eit nært vennskap også med han. 
Breva mellom desse tre er bevarte og gir eit fascinerande glimt frå kunstnarmiljøet.
Før og etter 2 verdskrigen vart kunsten hennar i likskap med mange andre sett på som "entartete Kunst", men ho fekk ein renessanse etterkvart.
Mannen, Otto Modersohn, ein kjent landskapsmålar, samla og bevarte mykje av kunsten hennar, og eit museum med namnet hennar kom allerede i 1927.
Museet som det no står sentralt i Bremen, er vakkert og funksjonelt, rommeleg, lyst og luftig.
Bildnis :Rainer Maria Rilke, 1906
Liegende Mutter mit Kind, 1906
Selbstbildnis am 6. Hochzeitstag, 1906
Mädchen im Birkenwald mit Katze, 1904
Elsbeth zwischen Feuerlilien, 1907
Det er laga fleire dokumentarfilmar om Paula Modersohn-Becker og iallfall ein spelefilm: "Mein Leben soll ein Fest sein", 2016.
Den biografiske romanen: "Livet her er vidunderlig: Paula M-Beckers liv" av Marie Darrieussecq fekk stor merksemd da han kom, kan lånast på eit bibliotek nær deg!
0 Comments



Leave a Reply.

    Abonnér!



    Skrevet av:

    Kari og Anne på tur.

    Archives

    November 2022
    October 2022
    September 2022

    Categories

    All

    RSS Feed



  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye