No er det snart klart for pakking og heimreise med mellomstopp i Hamburg nokre dagar. Berlin svarte til forventningane og vel så det. Vi har jo vore her mange gongar, men aldri så lenge som no. Kva er det med Berlin? Noko med blandinga av mange små "landsbyar" som til saman utgjer storbyen kanskje? Vi har følt oss verkeleg "zu Hause" her i Hufelandsstrasse, er på hels med fleire i småbutikkane; oi, der er operasongaren igjen, han kjem ca ein gong i veka, han i den portugisiske far/son-restauranten småpratar når han er i slag til det... Verdas beste frisør er ukrainsk og heiter Lesya og den beste massøren er Margerita! Og så er det jo historia, både Berlin si historie og Tyskland si, og Europa. Og samtida som er så nerverande overalt... Vi er så priviligerte som kunne gjera dette. Eg har vore på nokre museum og utstillingar den siste veka pluss at eg har vandra litt rundt i Charlottenburg der eg har budd dei fleste andre gongane når eg har vore her åleine. Den første gongen da eg tok del i eit tyskkurs på Goetheinstituttet bodde eg på eit rom i Wielandstrasse hos die Gundel, store rom med 4 meters takhøgde, gamaldags bad i art noveau-stil og kjøken med anretning, svært høgborgarleg. Men dyrt å halde ved like, så Gundel hadde to leigebuarar som delte kjøken. Den finaste gata i Charlottenburg synest eg er Giesebrechtstrasse og det er fleire små butikkar der som eg har handla i før, td Mio der dei kun har tysk design, og ein fin vintage-butikk med mykje lekkert ( kjøpte eit ullskjørt der for mange år sidan, grått og lilla ). Den fine bokhandelen i gata heiter Buchhandlung Winter, ei svært hyggeleg og kunnskaperik dame driv han. På veg frå Savigny Platz og nedover Bleibtreustrasse passerer ein fleire små artige butikkar, og også ein av favorittkinoane mine, Filmkunst 66, der dei ofte viser filmar på originalspråket, såg dokumentarfilmen om Elfriede Jelinek der nyleg, anbefalast. Ho er m.a kalla "Die Nestbeschmutzerin", ho skit altså i Østerikes nasjonal"reir", kritiserer nasjonalismen, det manglande oppgjeret med 2 verdskrig og den mannssjåvinistiske og antifeministiske politikken som framleis gjer seg gjeldande. Mange hugsar kanskje filmen "Pianolærerinnen" med Isabelle Huppert i hovudrolla, sterk. Skal lesa meir av henne. Like ved Wielandstrasse ligg den steinlagte plassen Walter Benjamin Platz. Omstridt da han vart anlagt, og det ER mykje stein, men også mykje liv der innimellom med konsertar og vatnfontene om sommaren. Det er brukt vakre materialar iallfall, og buegangane er fine synest eg med nydelege art deco-lamper. Det er ein flott bokhandel der, Geistesblüten, der det også er forfattararrangement, konsertar og utstillingar, ein triveleg platebutikk; sist eg var der prata vi om Lise Davidsen, og ein heilt vidunderleg klesbutikk som eg berre såvidt torde å kike innom og det var ikkje prislappar på! Så fann eg endeleg fram til Keramikmuseum-Berlin i gata som heiter (pust!): Schustehrusstrasse! Det har eg ønska å besøke mange gongar utan at det lyktes, og for eit søtt lite trehus som viser seg å vera frå 1712! Men det var større enn eg trudde, det er Hinterhof og enda ein bygning bakover. Museet er privat og eablert i 1990 av galeristen og keramikkforskaren Heinz-J. Theis som eg forøvrig hadde den gleda å snakke med, introdusert høgtideleg av ei av dei "Ehrenamtliche", frivillige, som held museet gåande. Eg vart sågar invitert til å drikke kaffe og eta Lebkuchen med han, han hadde vore i Oslo for 20 år sidan og var begeistra for Rådhuset og Oslofjorden. Ei fast historisk keramikkutstilling er det der, også skiftande, mange kunstnarar og ulike former og fasongar, eg får vatn i munnen når eg ser fin keramikk! Apropos kino: Anne og eg såg også den nye dokumentarfilmen om Angela Merkel som nettopp hadde premiere, "Merkel: Macht der Freiheit", regi Eva Weber, håper han kjem til Oslo også. Ein kan seie at den kanskje var lite kritisk, men uansett politisk ståstad imponerer dama, eit ganske stort mot skulle til for å si at "Wir schaffen es"- vi klarer det, og så ta i mot 1 million syriske flyktningar. Og filmen gir også eit bilde av kor mykje meir det skal til for ei kvinne å bli tatt seriøs enn ein mann i same rolle. Men Angela hadde sin stil og let seg ikkje vippe av pinnen, det vera seg av Trump eller Putin! Jødisk museum Eg har vore der før, men denne gongen tok eg meg god tid til å sjå både på den heilt sereigne bygninga, den faste samlinga og den temporære utstillinga som står denne hausten og vinteren. Det er også ein god kafe i huset, og vanlegvis ein bokhandel/butikk, men den var under renovering no. Arkitekt for museet er Daniel Libeskind, og det er laga med skarpe vinklar, tomrom og skeive veggar. Det er sjeldan at hus er så symbolsk teikna som dette, og så vellykka. Den faste utstillinga går over mange rom og lar oss bli kjent med jødisk historie frå byrjinga til notida, både i verda generelt og Tyskland spesielt. Mange av romma innheld interaktive utstillingar og eg likte spesielt godt rommet med mange videoskjermar der jødar frå ulike land og grupperingar svarte på spørsmål om kosher-mat, kvifor kvinner skal gå med parykk, og diskuterte omskjering av gutar, med mykje meir: Også ein bildeserie med kvinnelege rabbiar gjorde inntrykk. Her kan eg gå tilbake neste gong også og lære noko nytt- Serutstillinga i haust/vinter er den som heiter "Inside Out" av den israelske forfattaren Etgar Keret.
Han er ein av dei mest kjente forfattarane i Israel for tids og omsett til 49 språk, også norsk. For denne utstillinga har han spesialskrive 9 korte historiar som alle er fortellingar baserte på muntlege overleveringar frå generasjon til generasjon i familien hans. Dette er viktig i jødisk tradisjon, alle har eit ansvar for å fortelle vidare. Historiane er både triste, groteske, nokre er humoristiske, og dei blir fortalte både via animasjonsfilm, lydopptak der forfattaren les både på engelsk og hebraisk og via papir som ligg samankrølla ved kvart utstillingspunkt. Utstillinga har 9 stasjonar og ved kvar stasjon er det også satt opp ein gjenstand som museet koplar til fortellingane på ulike måtar. Flott gjort. https://www.jmberlin.de/ausstellung-inside-out-etgar-keret
0 Comments
Leave a Reply. |
Kari og Anne på tur. Archives
November 2022
Categories |