Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye

Berlin 2022  -  en blogg

Spuren des jüdischen Lebens im Bötzowviertel - Spor av jødisk liv i Bötzow-kvartalet

12/11/2022

3 Comments

 
​I går var v​i med på ei sers interessant og gripande vandring i kvartalet der vi bor. Den lokale historikaren Joachim Poweleit tok oss med til bygningar der det har budd jødar til dei vart deporterte, drepne eller klarte å flykte.  Eindel levde også under jorda heile krigen med hjelp av modige tyskarar.
Som eg har skrive om før er det satt ned svært mange" Stolpersteine" for å minnast dei som bodde i husa og som døde, og vi fekk høyre historia til fleire av dei. Joachim sendte rundt bilder av dei samtidig som han fortalte og det bidrog til at skjebnene til desse kvinnene, mennene og barna kom nærare og vart meir konkrete for oss.
Picture
Joachim Poweleit, født 1944, har sjølv ei interessant historie, oppvaksen i eit Berlin i ruinar med einsleg mor. Han driv med desse vandringane "ehrenamtlich", det vil si frivillig som det er mykje av her i Berlin
Picture
Mange med på vandringa, engasjerte folk som var vennlege og prata eindel med oss også undervegs
Picture
Her bodde Maria og Bruno Stein som vart fengsla og henretta fordi dei skjulte jødiske medmenneske
​Berre i gata vår, Hufelandstrasse som ikkje er spesielt lang vart 173 menneske drepne, det er satt ned 17 Stolpersteine i gata.
Poweleit fortalte også historia til Liselotte Hermann som var den første tyske mora som vart henretta av nazistane i 1938. Ho var født i 1909, medlem av det kommunistiske partiet og studerte ved universitetet i Stuttgart og Berlin. Vart utvist på grunn av at ho skrive under på eit opprop om demokratiske rettar, fekk ein son med SPD-politikaren Fritz Rau i 1934, han vart drepen. Ho heldt fram med politisk arbeid, vart fengsla og til slutt henretta i 1938. Dette til trass for at historia hennar vart kjent i mange europeiske land, og det vart satt i gang ein protestkampanje for å få henne frigjeven.
Picture
Det som gjorde aller mest inntrykk på denne vandringa var ei heilt spesiell ringetavle- eine "Stille Klingeltafel"-som er satt opp i Käthe-Niederkirchner-Strasse 35.  Arkitekten Simon Lütgemeyer flytta inn i huset på 90-talet og ville finne ut meir om livet til dei som budde i huset før krigen og starta eit omfattande detektivarbeid. Dette resulterte i at han fann 83 namn på tidlegare leigebuarar i huset, svært mange av dei var jødar som vart deporterte eller myrda. Alle har fått sin innførsel på nettsida https://kaethe35.de/
og det er altså oppført ei ringetavle i messing der det er 40 ringeknappar med 40 etternamn (83 personar). Utruleg mange historiar skjuler seg bak desse namna, ære vera Lütgemeyer som har funne fram dette for ettertida.
Serleg opprørande å høre var at etterkommarane av dei få som klarte å flykte/emigrere ikkje fekk tilbake leiligheitene til foreldra etter krigen.
To brør, Peter og Werner Gossels, som mora klarte å få sendt til Chabonnes i Frankrike og som seinare kom til USA klarte å få kjøpt tilbake familieleiligheita, solgte ho vidare, etablerte ei stifting og har laga eit minnerom for mora i det lokale biblioteket sitt utafor Boston, the Charlotte Gossels-room. Det har også kome ut ei bok: "Letters from our mother" og dottera til Peter, Lisa Gottels, har laga ein film om korleis folk i den vesle byen der brørne vart sende til, klarte å redde liva til 400 tyske jødiske barn. ​https://childrenofchabannes.org/
Picture
Fritt omsett: For å minnast dei jødiske bebuarane og eigarane av dette huset som vart drepne 1941-1943 i Auswitch, Theresienstadt, Kulmhof, Lodz, Minsk, Piaski, Raaiku, Riga, Sachsenhausen, Treblinka, Warshawa.. og dei som vart drive til død og emigrasjon.
Picture
Stille Klingeltafel. Det er nok eindel som prøver å ringe på her, men dei som budde her er borte, deporterte, drepne.
3 Comments
Randi W
13/11/2022 22:43:45

Du verden Kari, for en emosjonell tur dette må ha vært! Den stille ringeklokken er jo et helt fabelaktig enkelt, men effektivt symbol. Jeg klarer ikke annet enn å kjenne brystet snurpe seg sammen når jeg leser dette. 173 drepte i en liten gatestubb, bare 17 snublesteiner. Disse utryddelsene var så gjennomført grusomme, at det nesten ikke er rart at folk vil fortrenge det. Jeg har et par steiner i Gamlebyen som jeg stopper opp ved når jeg går forbi. Jeg stopper bare for å tenke og huske på disse menneskene som led den grøvste urett. Det må nesten være enda sterkere i Berlin tenker jeg, men det vet jeg jo ikke. Takk for at du deler. Vi må aldri glemme.

Reply
Kari Folvik
13/11/2022 23:08:34

Ja, det var ei heilt spesiell vandring. Det gjorde også inntrykk at så mange av folk i nabolaget var med og supplerte undervegs. Td i det huset der den stille ringeklokka er hadde alle innbyggarane stilt opp på prosjektet og donert pengar. Pluss eigaren av gården også, her bur jo dei fleste til leie.

Reply
Kine Yun Hoch-Nielsen
17/11/2022 19:00:45

Vakkert symbol…

Noe nesten helt annet:
Anbefaler også å dra innom Stasis gamle hovedkvarter som nå er museum. Er ikke så museumsperson selv, men dette synes jeg var interessant.

Reply



Leave a Reply.

    Abonnér!



    Skrevet av:

    Kari og Anne på tur.

    Archives

    November 2022
    October 2022
    September 2022

    Categories

    All

    RSS Feed



  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye