Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye

Berlin 2022  -  en blogg

KULTUR!

5/11/2022

0 Comments

 
Det er sjølvsagt eit hav av muligheiter for å oppleve kultur av alle slag her i byen: Konsertar, teater, opera, kino, utstillingar. Vi må porsjonere ut  for å ikkje bli overvelda! Nokre kveldar held vi oss faktisk også i ro heime med norsk TV/seriar eller lesing/skriving og bittelitt husarbeid!
Anne nemnte den lokale kinoen, praktfulle Filmtheater Friedrichshain  berre 5 minutt unna. Den viser ofte filmar med tilknyting til området, vi såg m.a ein dokumentar om korleis folk brukar Käthe Kollwitzplassen og ein film frå 80-talet frå DDR-tida som tydelegvis var veldig kjent her, hovudrolleinnehavaren, no ei eldre kvinne, vart intervjua etter filmvisinga. Etterpå var det salg av lokal vin (!) og innsamling av underskrifter for å redde ein almetrealle i nærheita. Stort engasjement for Kiez`en.
Ein annan film var "Tausend Zeilen", regissert av Michael Herbig, basert på ei sann historie om ein journalist i "Der Spiegel" som leverte frå seg reportasjar frå plassar han aldri hadde vore på.  Kanskje  boka kan lesast på engelsk (A thousand lines). Filmen anbefales med tekst om nokon kjem over han, det er ei utfordring når filmane ikkje er teksta. (Kva med døve tyskarar??)
Ein annan veldig spesiell kino er Krokodil som spesialiserer seg på austeuropeiske filmar. Vi kom tilfeldigvis over kinoen for fleire år sidan, da var det manuelle filmrullar som gjalt og utrangerte bilseter vi sat i, no har det skjedd ei viss oppgradering og filmane er digitaliserte, men framleis med småbord og god plass mellom setene og same mann som skjenka vin og selde billettar.
Vi såg ein dokumentar om dei såkalla dødsmarsjane frå dei tyske konsentrasjonsleirane på slutten av krigen, intervju med dei aller siste menneska filmskaparen har klart å intervjue før dei døde. Veldig sterkt.
Picture
Picture
Det gamle filmrullane heng der framleis!
Teater! Dokketeater for vaksne på Berliner Ensemble: Brechts Gespenster, altså Brecht sine spøkelse.
Utruleg bra laga dokker i alle størrelsar av Suse Wächter. Ein har nok mest utbytte av stykket om ein er litt historieinteressert, men dei fleste ville vel kjenne igjen Karl Marx, Lenin, Margaret Thatcher og GUD! Ei utruleg artig scene var da Karl og Gud fann kvarandre i eit heitt kyss! Dokkeførarane er synlege på scena heile tida, men ein glømmer jo dei og følger intenst med på dokkene, herleg! Utruleg flinke var dei.
Picture
Suse Wächter, musikarane Matthias Trippner og Martin Klingeberg og dokkeførar Hans-Jochen Menzel. Eminente alle saman
Så var vi på figurteater rett opp i gata her, på ei scene som heier Schaubude. Det var Ingmar Bergmans Fanny og Alexander som skygge-og figurteater. Tilsynelatande enkelt, men så effektfullt og med utruleg dyktige folk som nok har perfeksjonert denne måten å spele på over lang tid. Nydeleg og berørande, og vi skal ta fram dvd`en med filmen når vi kjem heim att.
Den sterkaste opplevinga hittil er nok operaen NEGAR på Deutsche Oper. Det er ein heilt ny oppsetting av Marie-Ève Signeyrole - librettoen og Keyvan Chemirani- komponist. Musikken er ei nydeleg blanding av persisk og vestleg klassisk musikk. Handlinga foregår i dagens Iran og hovudpersonane er Negar og veninna Shirin som utviklar eit kjærleiksforhald,  samt bror til Negar, Aziz, som også er forelska i Shirin.
Songarane er eminente: Negar blir sunge av Golnar Shahyar og Shirin av Katarina Bradic. Dei er veldig gode skodepelarar også, mykje av handlinga blir filma i nærbilete og vist på veggen, og teknikarane må også berømmast. Musikken er utruleg fengande, orkesteret er samansett av iranske musikarar på tradisjonelle instrument og musikarar frå Deutsche Oper.
Anne har skrive til den norske operaen om at dei MÅ prøve å få han til Oslo. Innhaldet går rett inn i det som skjer i Iran akkurat no, og tyske aviser skriv mykje om oppstanden og alle dei unge som blir drepne.  Det er eit stort iransk samfunn i Berlin og fleire store demonstrasjonar blir haldne med tusenvis av deltakarar.
Picture
Frå venstre Arianna Manganello som lillesøster til Negar, Katarina Bradic som Shirin og Golnar Shayar som Negar.
Picture
Eit stort team av lydteknikarar, filmteknikarar og musikarar i tillegg til songarane/skodespelarane. Alt foregjekk i midten av rommet og det var nærfilming av det som skjedde som vart projisert på lerret på begge sider
0 Comments



Leave a Reply.

    Abonnér!



    Skrevet av:

    Kari og Anne på tur.

    Archives

    November 2022
    October 2022
    September 2022

    Categories

    All

    RSS Feed



  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye