Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye

Berlin 2022  -  en blogg

Historie og politikk

14/10/2022

0 Comments

 
Eg kjøper av og til tyske aviser, slik som Berliner Zeitung og TAZ, men les like gjerne aviser og tidsskrift på kafear, heldigvis har dei ofte godt utvalg. Norske kafear trur eg slutta med det i koronatida, og har aldri byrja att (?).
Aktuelle tema no er sjølvsagt straumkrisa og alt det fører med seg og framfor alt er det mykje stoff om Ukraina, både krigen som dessverre held fram, bakgrunnsstoff om ukrainske forhold og kultur og om flyktningane som kjem hit. Tyskland har tatt i mot over 1 million, og av desse er det veldig mange i Berlin, over 200 000 i heile fylket.
Picture
Det er vanskeleg å gå mange meter i Berlin utan å bli minna på forhistoria, både langt tilbake og ikkje minst frå 2 verdskrig og holocaust.
Eit viktig og evigvarande monument er "die Stolpersteine" (snublesteinar) som vi finn på fortaua over heile byen.
Ein snublestein er ein stein med ei minneplate i messing som blir støpt ned i fortauet utafor hus der ofre for nazismen bodde før dei vart deporterte og drepne.
Det var Gunter Demning som hadde ideen i 1992, og pr. april i år var det satt ned heile 90 000 over heile Europa.
Her er minnesteinen for Erika som var 24 år da ho vart arrestert i 1936 og myrda i Auschwitz i 1944. Så mange år med ufatteleg liding, så mange liv tapt.
Mange har sikkert også lagt merke til dei i Norge der vi faktisk har 721 av dei, frå nord til sør.
Picture
Også no er det all grunn til å kjempe mot fascisme og nynazisme.
Picture
Partiet AFD ( Alternative für Deutschland) har mange element av ekstrem-nasjonalisme og fekk litt over 10% av stemmene i valget i fjor. På ein stor demonstrasjon dei arrangerte forrige veka her i Berlin, kom det 10 000. Vanlegvis er det eit stort antal mot-demonstrantar som møter opp, men denne gongen var det svært få, så dei fekk gå stort sett uiomotsagt gjennom gatene, nokre med Hitler-helsing.

Eit anna svært aktuelt tema er "die Miete": Leieprisene på bustadar som har gått i veret, her som i andre land og byar. Det er svært mange fleire enn i Norge som leier leiligheit, og det har vorte svært vanskeleg å få kontraktar. Ei profilert SPD-politikar (sosialdemokrat) har akkkurat vore ute i media og fortalt om at ho brukte 1 år på å skaffe seg ny leiekontrakt sjølv om ho har mange kontaktar og god løn. Bürgermeisterin i Berlin, Franziska Giffey (SPD), har sagt at gjennomsnittsleia ikkje bør vera høgare enn 30% av inntekta, og nokre meiner marknaden bør regulerast gjennom eit max-antal på kor mange leiligheiter eit firma eller enkeltperson bør eige.
I mellomtida veks antalet Obdachsgslose (utan tak!) - altså bustadslause menneske. Dei ligg gjerne under jarnbanebruer, slik som her på bildet, riggar seg til med soveposar, teppe og gjerne ein hund.
I 2020 var det ei storstilt telling av folk utan bustad, og det skulle vera ei ny i 2021 og så i år, men det er no utsett til 2023.
I 2020 hadde Berlinpolitikarane stipulert at det var mellom 6-10000 Obdachslose, men tellinga viste 1976 stk, noko som førte til kritikk både av metoden og pga at det i det heile tatt var telling av folk, ein skreiv: "Det er ikkje telling vi treng, men handling".
Picture
Picture
Til slutt litt historie igjen:
Det er et gigantisk monument over Ernst Thälmann, sjå bildet nedanfor, i Greifswalder-strasse, han har sågar ein park oppkalt etter seg.  Nokre av dykk har sikkert høyrt namnet hans før i samband med den spanske borgarkrigen, det det var ein brigade oppkalt etter han.
Han var ein profilert politikar og antifascist som vart fengsla allerede i 1933 og døde i Buchenwald i 1944. Monumentet vart avduka av sjølvaste Honecker i 1986, og etter murens fall var det mange som ville rive det. Assosiasjonane til aust-regimet var ikkje gode, ein del syntes også at ansiktslikheita med Lenin var stor...
Masse diskusjonar fulgte og etterkvart vart teksten som var der tatt bort, men monumentet fekk stå. Det blir tagga ned og vaska innimellom.  
I 2020/21 vann kunstnaren Betina Kuntzsch ein konkurranse om å lage "ein kommentar" til dette monumentet og prosjektet "Vom Sockel denken" vart realisert. Det vart satt opp 5 raudmåla soklar med same proposjon som sokkelen på monumentet. Ved å lesa av ein QR-kode kan ein få sjå 10 kortfilmar der ho viser historia til monumentet, ein del om Thälmann-familien, m.a interessant om kona og dottera og refleksjonar om kunst og politikk. Absolutt sjåverdig og teksten er også på engelsk: www.vomsockeldenken.de/en/

Bildet er frå ei omvising med lokalhistorikaren Rolf Gänisch som også utgir lokalavisa, kunnskapsrik fyr, men litt utfordrande å høre på da han snakkar ganske mykje "austtysk"!
Picture
0 Comments



Leave a Reply.

    Abonnér!



    Skrevet av:

    Kari og Anne på tur.

    Archives

    November 2022
    October 2022
    September 2022

    Categories

    All

    RSS Feed



  • Start
  • Berlin-blogg
  • USA
  • Isle of Skye