Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25

 Berlin 2025

Meir kunst og bøker!

26/3/2025

0 Comments

 
Det er flust å velge i når det gjeld bokpresentasjonar her i Berlin. Biblioteka har gratisarrangement, bokhandlane  med inngangspengar og ofte teatra også samt alle mulige organisasjonar og stiftelsar som har sine ting.
Eg var på eit fint organisert bokbad på Pablo Neruda-biblioteket i Friedrichshain. Det var stappa fullt så jammen godt at veninna mi Cordi hadde reservert billettar for oss.
Mulig også fordi forfattaren er ei kjent skodespelarinne og filmregissør som heiter Anna Brüggemann. Eg synest boktittelen er besnærande: "Wenn Nachts die Kampfhunde spazieren gehen". Kamphundane er kanskje mor og døtre i boka? Iallfall handlar ho om det velkjente temaet mor/dotter-relasjonen. Det var ei fryd å høre ho lesa fleire kapitlar frå boka, og eg skal foreslå at Deichman kjøper henne inn!
Bilde
Bilde
Bilde
Så MÅ eg skrive om eit høgdepunkt så langt i opphaldet vårt: Ei blanding av opplesing og teater på ein lokal scene som heiter Wabe. Lokalet var større enn eg hadde forestilt meg og publikum benka seg i ein sirkel framfor scena som inneheldt to stolar, eit bord med glas og ei vinflaske og to manushefte. I Berlin er det ikkje uvanleg at framsyningar er litt seine med å byjra, ein ventar gjerne til 5-10 minutt over tida ( og folk kjem ofte også ruslande inn ei god stund etter det..). Da dei to skodespelarinnene kom var det med song: Hier kommt die Pippi Langstrumpf! 
Framsyninga var lesing av brev mellom Astrid Lindgren og den tyske operasongaren og politikaren Louise Hartung. Høres det litt langtekkeleg ut? Kanskje, men det var det motsette. 
Skodespelarinnene Jaqueline Maccaulay og Anna Stieblich les breva med slik innleving at vi kjente på alle følelsane desse breva klarer å uttrykke:
Gleda over å finne ei sjeleveninne, den forelska Louise sin eufori, lengsel, skuffelse, sinne og Astrid si meir reserverte, men også fascinerte undring over at ho kan bli gjenstand for slik ei tilbeding! Astrid har eit sjarmerande tysk forresten!
Dei kjente kvarandre frå midt på 50-talet til Louise døde i 1965, var på ferieturar saman og trefte kvarandre både i Berlin og Stockholm. Louise var pådrivar for å få ut bøkene til Astrid i Tyskland og i dag er ho ein feira, hylla og prisa forfattar her.
Eg har no tinga boka som framsyninga er basert på: "Ich habe auchgelebt : Briefe einer Freundschaft". Boka finst også på svensk, dansk og engelsk.
Bilde
Bilde
Bilde
I Haus am Lützowplatz var eg på ei utstilling kalt Berliner Realistinnen, altså verk av utelukkande kvinnelege kunstnarar. I 1971 stilte 28 mannlege og ein kvinneleg kunstnar ut verka sine....
Her er nokre av dei eg synest utmerka seg
Bilde
Florence Obrecht: Flaire des Picasso, 2020
Bilde
Marion Eichmann: Lederhose 2-teilig, 2024. Papir, collage,
Bilde
Birgit Dieker: Matrone, 2018. Denne synest eg er kosteleg!
Bilde
Sonja Alhäuser: Kentaurin, 2025. Skulpturen er laga av Ziehmargarin ( som brukes til gjærbakst) og står inne i ein monter, bildet er avkorta)
0 Comments

Folk og bøker, og litt målarkunst

18/3/2025

0 Comments

 
Noko av gleda med å prøve å bli flinkare til å snakke tysk er å koma i prat med folk., og det er mange hyggeleg her i Kiezen vår. Eit utruleg innhaldsrikt antikvariat ligg i Immanuelkirchstrasse. Werner heiter innehavaren og han har klart å opparbeide seg ei samling med mange spanande spesialitetar og raritetar og dette i løpet av kun 7 år. Innhaldsrik biografisamling også. Eg klarer jo ikkje å la vera å gå innom, og bonus er at vi får gode pratar. Han meiner at ein bør ha teft for å gjera gode kjøp, ikkje kjøpe inn i mengder og i hytt og ver. Han har god kontakt med kundane sine, men det ventar han eit stort arbeid no framover med å legge inn bøkene til internett-salg. Det er nok heilt nødvendig i våre dagar.
Eg kunne gjerne ha arbeidd her!
I vinduet såg eg ein biografi om Else Lasker-Schüler og ville ta ein titt på denne. Da plukka han fram 4 andre, deriblant ei vakker bok med brev som ho har skrive til venen, målaren Franz Marc og vice versa. Den måtte eg kjøpe! Marc og Lasker-Schüler lagar seg her ei fantasiverd der han blir kalla der blaue Reiter ( den blå ryttaren) og ho heiter Prinz Jussuf von Theben!
Dagen før hadde eg vore i Kupfersticksammlung og sett ei flott utstilling med Blaue Reiter-gruppa som han tilhørte. Vart skikkeleg betatt av mange av bildene her, så fargesterke!
Else Lasker-Schüler (1869-1945), er mest kjent som lyrikar, men har og skrive teaterstykke, essays og fortellingar.  Åse Marie Nesse har gjendikta eindel av dikta hennar i ei nydeleg samling: "Mitt blå klaver" som du kan finne på eit bibliotek nær deg eller som du kan få biblioteket til å tinge inn ( vi er så heldige, gratis!)
Men altså antikvariatet til Werner kan eg anbefale, ein svært hyggeleg mann!
Bilde
Werner Fernengel
Bilde
Mutabor: Antiquariat für schöne Bücher,

Bilde
Immanuelkirche: Denne vakre kirka frå 1893 i nyromansk stil er åpen frå 14-16 og det er SIGFRIED som står og ønsker velkomen på sitt vennlege vis! Dette har han gjort Ehrenamtlich  (frivillig)  i mange år. Han er ein sann Norges-ven og har alltid på seg ei av mange strikkakofter han har kjøpt brukt i Norge! Denne dagen var det OL-kofta! Han reiste til Norge mange gongar da dottera med familie bodde i Stavanger, og kan ein god del norsk. Han les eit stykke i ei norsk andaktsbok kvar kveld og noterer ord og uttrykk. Dette er ein mann som ikkje på nokon måte er digital, han har ikkje mobil og er ikkje på nett.
Han set pris på ein prat både om Norge, politikk ( han er ein Ossi!), tru og familie. Interessant å høre om DDR-tida og det kunstnarlege livet hans om bildehoggar. Han gjev gjerne ut fne postkort gratis og eg overhørte at han også ga ei gratis bok om kirka til ei ukrainsk dame, ein uselvisk og menneskevenleg sjel.

​​
Bilde
Immanuelkirche
Bilde
Interiør i Immanuelskirche
Bilde
Sigfried Wehrmeister
Bilde
Eg var i Gemäldegalerie og såg ei utstilling som gjorde sterkt inntrykk på meg:
Von Odesa nach Berlin. Da russiske rakettar ødela store delar av Nasjonalmuseet i Odessa  5/11 2023 la dei tilsette ned ein kjempeinnsats for å redde unna verdifulle målari og sendte dei til ein annna by i Ukraina. Der var imidlertid lagringsmåten så dårleg at direktøren tok kontakt med Staatliche Museen zu Berlin for å høre om dei kunne oppbevare dei.
Desse er no utstilte i Berlin, og det på ein måte som er veldig berørande. Det er først en video frå museet der vi ser alle aktivitetane dei hadde der før krigen, skoleklassar, omvisingar, glade barn som dansar, så er det bombing og stillheita etterpå.
Odessa var historisk ein blomstrande havneby med mange nasjonalitetar, mange jødar. Eit godt tips for å lesa om folk i den jødiske ghettoen er Isaak Babels :Fortellinger fra Odessa. Ganske burlesk og blomstrande, glimrande omsett av Marit Bjerkeng.
Museet har mange arrangement i tillknyting til utstillinga, i det heile tatt er det stor merksemd om Ukraina her i Berlin, det er jo også mange her som har flykta hit, dessutan var det nok mange også før krigen, t.d er frisøren vår ukrainsk ( ho elskar forresten Norge og er her kvar sommar!).
Øverst frå venstre: Inngangen til utstillinga. Inni utstillinga er det montert eit teppe med bilde frå museet i Odessa. Til høgre: Bakveggen er eit foto som er teke etter bombinga. Nederst eit målari av Friz Thaulow: Ein bekk ( trur han har mange versjonar av denne?)
0 Comments

Teater og litt litteratur

8/3/2025

0 Comments

 
Eg er glad i teater. Første gong eg opplevde eit teaterstykke var i Trondheim medan eg gjekk på Orkdal gymnas i byrjinga av 70-talet. Det var Fysikerne ( die Physiker) av Friedrich Dürrenmatt og det var ei oppleving, wow-teater altså!
Seinare kom Glassmenasjeriet av T. Williams med den store skodespelaren Gerdi Schjelderup, dette er framleis er eit av mine desidert yndlingsstykke, eg har sett det i veldig mange versjonar m.a med Kjersti Holmen som både Laura og mora Amanda ( med 20 års melomrom!).
Kranes konditori med den legandariske Allan Edwall som Stivhatten, framleis på Trøndelag teater, var også uforgløymeleg.
Her i Berlin er det jo mange scener, både gamle og veletablerte og nye, eksperimentelle.
Anne og eg måtte få med oss ei Macbeth-framsyning i nærområdet vårt, på Teater unterm Dach ( teatret under taket), det er bokstaveleg tala rett under taket på toppen av eit gamalt og rart hus, stykket heiter «Macbeth in meiner Küche» ( Macbeth i kjøkenet mitt).
Anne er ein stor Shakespearefan og Macbeth er yndlingsstykket ( rart at den fredeleg dama liker heftige og blodige teaterstykke?)
Dette var merksnodig, men overraskande, humoristisk og burleskt:
To kvinner sit ved eit kjøkenbord iført morgonkåper og diskuterer dagsaktuelle ting, så byrjar dei å sitere frå Macbeth og så er vi i gang. Dei spelar med dei rekvisttane dei har ( kniv er jo tilgjengeleg...) og ein kan absolutt seie at det er aktuelt med ein studie i korleis folk oppfører seg når dei får makt!!
Skodespelarane Franziska Hoffmann og Miriam Kohler var absolutt fabelaktige, 1. 5 time med kraftutfoldelse på scena, og eksklusivt for ca 15 stk.

Bilde

I Berlin har dei fleste teatra repertoirteater, det betyr at fleire stykke blir spela samtidig og blir satt opp att med mellomrom. I 2022 såg vi eit fantastisk dokkespel-stykke av Suse Wächter: Brechts Gespenster ( Spøkelsa til Brecht). Her møter vi Brecht himself, Karl Marx og Gud ( dei to finn kvarandre!), Frantz Kafka, Margaret Thatcher, Lenin og Sigmund Freud. OG Honnecker i ein ubetaleg talescene. Suse Wächter gjev stemme til desse og fleire til gjennom 1.5 timar og det er ubegripeleg korleis ho får det til! Ho har god hjelp av to mannlege dokkespelarar og dyktige musikarar. Eindel er nok ganske internt for dei som kjenner det indre livet på Berliner Ensemble, men veldig mykje som også er kjent for den kulturinteresserte menigkvinna.
Bilde
Her såg eg og «Die heilige Johanna der Schlachthöfe» ( Den heilage Johanna frå slaktehusa). Johanna er frelsessoldat og går i kamp mot kapitalisten Mauler som eig slaktehusa der arbeidarane mistar jobben.  I denne versjonen blir begge hovudrollene spela av kvinner, og det er meir dialog og mindre kamp. Det er politiske talar i pausen, og veldig intenst. Sjølv om eg kjenner stykket frå langt tilbake ( Det norske teatret i 1978 med Ragnhild Hilt!), er det litt vanskeleg å få med seg alt, så skulle eigentleg ha sett det om att...
Før eller etter kan du kjøpe eit rimeleg måltid i kantina, der kan du møte både den eine og den andre av skodespelarane, spesielt for Berlin trur eg.
Bilde
Eg hadde lenge tenkt å besøke Brecht og Helene Weigel sitt hus i Chaussestrasse og no vart det tid for ei omvising med ei utruleg kunnskapsrik dame og eg var åleine på akkurat denne runden.
Helene Weigel var den mest kjente og beundra skodespelaren i Tyskland i fleire tiår ( omvisaren samanlikna ho med Angelina Jolie i dag), dessutan intendant på Berliner Ensemble og var altså gift med Bertold Brecht.
Etter at Brecht døde i 1956 heldt Helene fram med å bu i dette huset og bygde på ein glasveranda som de ser her, vakker! Ho sørga også for å halde vedlike arkivet etter Brecht og teatret på Schiffbauerdamm og no er øverste etasje i huset via til forsking.
Dei er begge gravlagde på gravlunden som grenser til huset, Dorotheenstädtischer Friedhof. Her ligg også mange andre forfattarar, som t.d Christa Wolf og ander kjente kulturmenneske.
Anbefaler generelt å sjekke omvisingar- Führungen- i Berlin om du har litt tid og interesse, dei er ofte innhaldsrike og grundige , finst også mange på engelsk.
Teatret på Schiffbauerdamm
Helene Weigel sitt hagehus
Brecht og Weigel sin æresgravstad
Anna Seghers sitt bibliotek
Anna Seghers
Det eine fører ofte til det andre: Fekk tips om omvising i leiligheita til ei av Tysklands store diktarar Anna Seghers ( eigentleg heitte ho Nelly Radvanyi). Eg visste om ho, men ho er vel ikkje den mest kjente i Norge.
I DDR var ei av bøkene hennar, «Das siebte Kreuz» obligatorisk lesnad fortalte guiden, og i følge henne er det også den beste boka, ho er omsett til norsk i 1947: Det syvende kors. Skal lesa!
Leiligheita hennar ligg i bydeen Adlershof, ein liten landsby med fint museum i eit gamalt bygg som er restaurert. Ho vart tilbydd eit hus av DDR-myndigheitene, men takka nei ho ville bu i nærheita av nære vener.
På omvisinga var forutan meg ei ung kvinne, Sabine frå München, men som har bodd 10 år i Berlin. No vil ho tilbake til sør og søker jobb på teater etc. Vi hadde ein lang kaffeprat etterpå og det er mulig at ho kjem til Oslo også! Eg gler meg over at eg kan føre ein nokolunde bra samtale på tysk no, men det er langt igjen til at eg kan kalle meg flytande!


0 Comments

Jødisk liv i Berlin

27/2/2025

0 Comments

 
Picture
Eg har vore på utflukt til bydelen Schöneberg. Bydelen er idag kanskje mest kjent for å vera sentrum for skeive i Berlin, men målet mitt denne gongen var først og framst Rådhuset der eg skulle sjå ei permanent utstilling om jødane som bodde i Schöneberg og deira skjebne før, under og etter 2 verdskrig.
Tyskarane er flinke til å lage minnesmerke og utstillingar over det som skjedde både under krigen og under Stasi-tida, men mange meiner at landet ikkje har tatt eit grundig nok oppgjer med dei haldningane som førte til at nazismen vaks fram.
Det har vore svært mange mord med rasistisk motiv dei siste åra og m.a dette skriv Asal Dardan om i den nyleg utgitte boka «Traumaland : eine Spurensuche in Deutscher Vergangenheit und Gegenwart», laust omsett: Traumeland : ei ettersøking i tysk fortid og notid.
​Asal Dardan er ein iransk-tysk forfattar og kulturvitar som klarer å kople hendingar frå i dag med det som skjedde på 30-talet da Hitler kom til makta. Ho går grundig til verks og det er ikkje alt i teksten eg har forstått, ho er ei lærd kvinne som har lest både Hanna Arendt, Frantz Fanon og Judith Butler, men ho  ettergår også  konkrete mord og overfall som har skjedd med rasistisk motiv. Mange av desse vart svært lemfeldig behandla av politi og rettsvesen.
Dardan bur i Schöneberg, og går i gatene der det er satt ned Stolpersteine (snublesteinar) på fortaua for å minnes dei deporterte og drepne og tenker på kven alle dessse menneska var, korleis levde dei liva  sine, kven var naboane, og får sterk trong til å undersøke meir. Der får ho hjelp av utstillinga i rådhuset; Wir waren Nachbarn : Biographien Jüdischer Zeiteugen. (Vi var naboer: biografiar over jødiske tidsvitne).
​

​Ei sterk trafikkert gate fører frå S-bahn til das Rathaus som er ei praktfull bygning frå byrjinga av 1900-talet, sterkt ødelagt under krigen, og restaurert. Plassen der rådhuset ligg var ein viktig forsamlingsplass for det vestlege Berlin og klokka i tårnet, kalt die Freiheitsglocke,  var eit symbol for menneskerettar. Den mest kjente talen som er halde der er nok den som John F. Kennedy heldt  26 juni 1963 der han avslutta med orda: Ich bin ein Berliner. Da stod han framfor ein kjempestor menneskemengde saman med Willy Brandt som var borgarmeister da.
Sjølve utstillinga er eit stor rom med skrivebord der det er montert album med biografiske opplysingar om, og bilder av, jødar som bodde i bydelen Schöneberg- Tempelhof, det er litt over 120 stk. Det er innhaldsrike album og eg kunne berre lesa grundig 4-5 stk av dei. Det er både menneske som klarte å rømme landet, menneske som vart drepne i konsentrasjonsleirane og enkelte som klarte å halde seg skjult i Berlin under krigen, eg vart overraska over at det var så mange som var i stand til å gjømme seg med hjelp av modige vener.
Bakgrunn: I 1933 bodde det ca 165 000 registrerte jødar i Berlin (ut frå religionstilhørigheit), i Schöneberg var det ca 18 000. På ei tidstavle er det lista opp alt som skjedde av innskrenkingar av jødane sine rettar frå månad til månad, år til år.
1933. 25 april : Jødar vart kasta ut av sportsforeingar. 
1935 .mars: Yrkesforbod for jødiske skodespelarar
1935. juli : Forbod mot å bruke offentlege bad
1935. 14 november : Jødar vart fråtekne stemmeretten.
1939.1 januar: Alle kvinnelege jødar må ta fornamnet Sarah og mannlege Israel i tiillegg til opprinnelege namn.
1941. 4 mars: Alle jødar blir utskrivne til tvangsarbeid
1941. 23 oktober: Utvandringforbod for jødar
1943. 27 februar: 10 000 jødar blir pågripne og sende til Auschwitz
Og så vart det verre og verre... og det verste skjedde. 
Picture
Nokre av dei 120 albuma
Ei  livshistorie eg merka meg spesielt:
Gertrude Sandman: Kunstnar og forkjempar for kvinner og homofile sine rettar.
Ho vart fødd i 1893 inn i ein borgarleg familie med stor kulturell kapital, og fekk utdannng som teiknar og målar, m.a var ho elev av Käthe Kollwitz. Ho var åpen lesbisk og på 20-talet levde ho i eit frisinna miljø med homoseksuelle samlingsstader og ei rikt tidsskriftmangfald der ho også skreiv mykje.
Ho vart kjæraste med kunsthandverkaren Hedwig Koslowski, og ettersom restriksjonane overfor jødar vart strengare og strengare var det Hedwig som forsynte henne med papir, målarsaker og livsnødvendigheiter.
Gertrude budde lenge saman med si gamle mor og det var nok grunnen til at ho ikkje rømte enda da ho hadde muligheit til det. Da mor døde, vart det store huset konfiskert med alt alt innbu, bøker og heile den kunstnarlege produksjonen hennar , ho gjekk i dekning i eit rom i eit fråflytta hus og klarte å halde seg der ved hjelp av Hedwig og andre vener. 
Gertrude var jo i fleire av  dei kategoriane som nazistane forfølgde: Lesbisk, jøde og kvinneleg kunstnar...
Etter krigen bodde ho og Hedwig saman til 1956, og deretter med ei ny dame, Tamara Streck, som var akrobat på sirkus!
Gertrude heldt fram med å måle og til trass for store helseutfordringar som kom frå åra i dekning hadde ho ein stor produksjon i mange år, og heldigvis vart ein stor del av verka hennar gjenfunne og har vore trekt fram i lyset dei seinare tiåra.
Ho rakk å ta del i den nye feministbølga på 70-talet og var aktiv i den homofile frigjeringsrørsla og ei svært synleg kvinne til nokre år før ho døde i 1981.
Ho skreiv dagbok heile livet og mange av desse er bevarte, eg har lest utdrag i eit lite hefte eg kjøpte, men skulle gjerne ha lese meir, det er kloke og interessante betraktningar som politikk, samfunnssprøsmål, kjønn etc.
Skulle også gjerne ha sett originalbilder, det er både svart/kvite kolstiftteikningar, pastellar og anna, og
NB! ho måla og teikna kun kvinner!!

Potsdam museum har mange av bildene hennar.
Hvis du vil lesa meir om jødar i Berlin har eg skrive om det i bloggen frå 2022 også: Sjå innlegg frå 12/11 2022.

Picture
Gertrude til venstre, Hedwig til høgre
Picture
Minnestein for Gertrude og den siste partnaren Tamara Streck på Alten St.Matthäus Friedhof
0 Comments

Berlin igjen!

10/2/2025

0 Comments

 
Picture
 Hurra, da er vi i Hufelandsstrasse igjen! Dvs. Anne har vore her ein månad allerede og har etabert sine rutinar med skriving, slektsforsking etc. 
Så no når eg har kome er det rydda plass til mine papir og ting og tang også, og som vanleg fylles leiligheita opp med teater-og utstillingsbrosjyrar, aviser og magasin. Tyskarane har framleis den gode vanen med å trykke opp teaterkalendre, bibliotek har mykje skriftleg materiale om ting som skjer etc, altså til skilnad frå oss i Norge som er datafisert på alle plan!
Dei første dagane har eg brukt til å krysse av for teater, musikk, litteraturarrangement eg/vi har lyst til å gå på og denne gongen vil vi også gå på litt meir alternative plassar, ikkje berre Staatsoper og Philharmonie, sjølv om det er utmerka plassar å høyre og sjå kunst av høg kvalitet. Og planene er også å bruke lokale scener meir, det er både teater og kino i gåavstand frå oss.
Forresten er billettane betrakteleg dyrare no enn i 2022, kultursektoren i Berlin er ramma av harde kutt, og antakeleg er opera, teater etc  mindre subsidiert enn før. Mange galleri/museum har og problem.
Vi lever i urolege tider og eg er bekymra for å vakne opp til ein ny dag med nye skrekk-nyhende frå USA. I Tyskland er dei sjølvsagt også svært uroa over den uforutsigbare Mr T og aviser og media dekker det like mykje som heime.
Likevel er det eit tema som er desidert det mest omtalte no og det er det nært foreståande valget den 23 februar.
Valgplakatar er klistra opp på alle stolpar og satt opp i vegkryss og midtrabattar, og det er mange parti å velge mellom, faktisk heile 41 stk som stiller liste til Forbunsdagen (ikkje alle stiller lister i alle fylke).
Av desse er mange veldig små parti som t.d Tierschutzpartei ( dyrebeskyttelse), Piratenpartei, die Partei (!) og CSC- Cannabis Sosial Club! Ingen av desse har ein sjanse til å koma inn i Riksdagen, det er ei sperregrense på 5 %.
VOLT skriv at dei er eit pan-europeisk parti/ folkebevegelse som er opptatt av klima og at Europa skal ha felles lovar og felles hær, dei er for å sende våpenstøtte til Ukraina. Dei har ei norsk avdeling også, men ser ikkje ut til at dei er aktive no.
Picture
På biblioteka er det mange oppfordringar om å bruke stemmeretten
Picture
På eit butikkvindu i gata vår. Her har eg handla!
Picture
Picture
Ehh, denne er krass! Partiet "die Partei" sier her at Storken kjem med barna, fru Storch tar livet av dei... Ho, Beatrix von Storch, er Afd-politikar. Trur denne plakatpåskrifta har å gjera med at ho tok til orde for harde tiltak mot innvandring
RødtHar ikkje sett valgplakatar for AfD (Alternatve für Deutschland) her i Prenzlauer Berg/ Friedrichshain. Antakeleg er dei ikkje store her i dette området.
Eg har lest ein stor del av partiprogrammet deira, med forbehald om at det ikkje er alt eg skjøner på tysk. Dei er opptekne av å minske staten si inngriping på alle plan og å redusere antal tilsette drastisk, dei er i mot EU slik det er no, men vil bygge opp eit alternativt EU som skal fungere slik det (som dei formulerer det) opprinneleg var tenkt, som eit økonomisk samarbeid. Elles er jo innvandring eit av hovudområda, og dei vil ha streng grensekontroll, bygge asylsenter i andre land og innføre re-immigrasjon av asylsøkande i stor skala.
Dei andre partia har hatt ein "brannmur" mot å samarbeide med AfD, men den mest sannsynlege neste kanslarkandidaten Friedrich Merz frå CDU braut dette ved å akseptere støtte frå AfD da han framsatte forslag om strengare innvandringspolitikk i Riksdagen.
Las ein interessant artikkel i Tageszeitung om leiaren i Alternative für Deutschland, Alice  Weidner. Ho er jo som kjent lesbisk, lever i partnarskap med ei sveitsisk kvinne med røter frå Sri Lanka og dei har også to barn saman. Ein kan jo forundre seg over at ho er leiar for eit høgreekstremt parti som har den tradisjonelle kjernefamilien som ideal. 
Verda er full av paradoks!
På siste meiningsmålinga eg las ligg det an til at CDU/CSU (kristelegdemokratane) får 30%, AfD 22%, SPD (sosialdemokratane) 17%, Die Grünen (miljøpartiet) 13%, Bündnis Sahra Wagenknecht 6% og Die Linke (kanskje samanliknbart med Rødt eller SV?) 5%. 
Sahra Wagenknecht er ein omstridt politikar som tidlegare var i Die Linke, men som danna sitt eiga parti i fjor der ho fokuserer på utdanningspolitikk, rettferdig fordeling og fred. Ho er for strengare innvandringspolitikk og antakeleg mot våpen til Ukraina..
Iallfall imponerande å samle 6% av stemmene når partiet er berre årsgammalt!
Kva ville eg ha stemt om eg var tysk?
Die Linke fokuserer på rettferdig fordeling, billegare husleie og oppvarming og har mange gode poeng der. Dei er eit fredsparti og vil ha framme freden gjennom diplomati og forhandlingar, altså støttar dei ikkje å sende våpen til Ukraina. Dette hadde nok gjort det vanskeleg for meg å stemme på dei slik situasjonen er no. Kanskje eg ville ha landa på SPD, faktisk, ialfall for å demme opp for AfD...
Picture
Her er eit okkupert (?) hus ved Alexanderplatz. Re-migrasjon er mord.
Picture
Ny giv med Sahra Wagenknecht?
Picture
På midtrabatten mellom trikkelinja og vegen i Greifswalderstrasse. Bundnis 90/ Die Grünen
I går var eg på eit interessant foredrag i Deutsches Theater om Obdachslose (heimlause)  i Berlin. Barbara Breuer frå Berliner Stadtmission fortalte om kva bymisjonen gjer for dei anslagsvis 5000 huslause i byen. Dei har pr. no ca 90 ulike prosjekt på gang, nødovernattingsplassar, matutlevering og dei er med i eit prosjekt som heiter "Housing first" som også har vore/er i gang i Norge. Folk med psykiske og/eller rusproblem får her ein plass å bo, noko som er heilt  grunnleggande for å kunne fungere i samfunnet.
Stadtmission driv også det dei kallar Kältebussen, kuldebussar. Bussane kjører rundt og ser etter folk som treng hjelp og kjører dei til ein overnattingsplass. Alle som vil hjelpe kan ringe eit nummer og be om at bussen kjem.
Barbara fortalte at ein ikkje alltid ser på folk at dei er heimlause, ikkje alle går rundt med sår på beina og i fillete klede. Mange kan sjå ut heile vanlege ut, fordi dei kan koma til t.d Stadtmission for å dusje og vaske klede. Ikkje alle har rusproblem, nokre har falle ut av arbeidslivet pga speleavhengigheit, skilsmisse, død i familien eller mista husveret sitt. Ho fortalte m.a om ei kvinne med to barn som mista mannen sin brått ved hjartesvikt. Han var den som alltid hadde ordna med økonomien, no fall ho ned i ein svart brønn og klarte ingenting, åpna ikkje rekningane, ho og ungane vart kasta ut av leiligheita. Ungane hamna i midlertidig fosterheim, ho budde under ei bru i 2 år før nokon frå  bymisjonen plukka ho opp og fekk hjulpe til med bustad der ho og ungane kunne flytta saman igjen.
Ein mann i salen reiste spørsmål om det ikkje burde vera staten som sørga for at alle har ein stad i bu? Og som gamal Ossi(austtyskar) framheva han at i DDR hadde alle rimelege bustader.
Jo, sa Barbara, men no lever vi jo i dette systemet og betre å tenne eit lys enn å forbanne mørket.
Det er ca 1000 tilsette i den berlinske bymisjonen og 2000 frivillige, mange av dei er yngre menneske, det er oppløftande.
​
Picture
Ved Alexanderplatz. Her er det ei som har laga seg ein liten heim.
0 Comments

    Author

    Write something about yourself. No need to be fancy, just an overview.

    Archives

    March 2025
    February 2025

    Categories

    All

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25