Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye

2024

Libraries and politics

18/5/2024

0 Comments

 
Som mange (iallfall bibloteksfolk) har fått med seg, har det vore mange angrep på retten for bibliotek/bibliotekarar til å fritt kunne velge kva for bøker dei vil låne ut i USA.
Kampanjar er laga for å stoppe utlån av spesielt LHBTQ-bøker, av desse er ei av dei mest kansellerte den grafiske romanen "Gender Queer" av Maia Kobabe og Juno Dawsons "This Book is Gay". Kampanjane er for det meste initierte av republikanske politikarar og av ei gruppe som kallar seg "Moms for Liberty"(!).
Den amerikanske bibliotekorganisasjonen, The American Library Associaton, lagar kvart år lister over "banned books", og av dei 10 første på lista har 7 av dei LHBTQ-tema. Andre tema som tydelegvis er kontroversielle er rasisme, ei av bøkene som er forsøkt kasta ut er Toni Morrisons klassikar "The bluest eye"...!!
Foreldregrupper på mange skolar prøver, og har lykkast med, å kaste ut bøker frå skolebibliotek, det var ei kraftig auke i dette i fjor da meir enn 4000 titlar har blitt forsøkt fjerna.
Ein stor trussel mot demokratiet. Men no er det eit lyspunkt å spore, fleire statar med demokratisk fleirtal, m.a MInnesota, har vedteke ei lov som forbyr bibliotek og skolar å forby bøker, og for dei som har gjort det skal det vanke bøter.
Da eg besøkte hovudbiblioteket i Minneapolis var det gledeleg å sjå at ei stor ungdomsavdeling hadde brosjyrar med boktips for gruppene Gay, Lesbian, Bi+, Intersex, Genderqueer og Transgender! Det er alltid oppslag på biblioteka om at alle skal behandlast respektfullt m.o.t rase, kjønn, gender etc.
Ungdomsavdelinga hadde forøvrig eit stort Teen Tech center, altså der dei kan lage ting, og veldig mange arrangement gåande. Det er mange heimlause i byen og haldninga til å sove i biblioteket var liberal, eg observerte ei vakt som iallfall ignorerte eit par sovande i gode stolar ved peisen! Ja, det var peis der!
Frivillige som hjelper til i bibliotek og andre offentlege institusjonar er vanleg i USA, så også i Minneapolis. Det var ikkje tid for meg å finne ut korleis bibliotekarane stiller seg til dette, det er nok godt innarbeid i kultursektoren b[de i bibliotek, museum og andre stadar.
Hovudbiblioteket er bygd i 2006, er kjempestort, og ligg veldig sentralt. Biblioteket har mykje kunst på veggane, og eg fekk med meg ei fin utstilling med kåring av årets vakraste bøker og dessutan utstillunga Voices of the unheard som er laga av The George Floyd Global Memorial. Utstillinga er laga av studentar som diskuterte opprøret som kom etter at ein politimann drepte George Floyd i 2020.
Vi bodde forresten ikkje langt frå der det skjedde i Minneapolis, og restar av politistasjonen som vart nedbrent etterpå står der enno. Dei har bygd opp eit nytt postkontor, men diskuterer korleis eit monument skal vera for å markere den grusame hendinga. Det er fleire folkemøte på gang, las eg i lokalavisa, og stort engasjement for korleis det skal utformast og kor det skal ligge. Mange lokale forretningsdrivande måtte legge ned etter hendingane og strøket har ikkje hatt det beste ryktet. Cousin Kari som har vore vår beste guide dei dagane vi var i Minneapolis fortalte at den lokale bibliotekfilialen ikkje vart øydelagt, der stod lokalbefolkninga vakt for å hindre at tilreisande bråkmakarar kom inn...
Picture
På hjul
Picture
Nabolags-bokkassar overalt
Eit litt anna og meir ærverdig preg har hovudbiblioteket i St.Paul.
Ein blid bibliotekar viste meg litt rundt og fortalte at slik som det står no vart biblioteket bygd i 1917. Søylar, trapper og praktfulle tak. Ei eiga Scott Fitzgerald-avdelig er dei stolte av, han var fødd i byen. Eg har berre sett filmen som er basert på boka The great Gatsby, men er eigentleg meir interessert i kona hans, Zelda Sayre, også forfattar og skodespelar.
Utafor biblioteket er det ein flott park med blomster og benkar og små statuar av figuarane i Peanuts, Knøttene. Opphavsmannen Charles M. Schultz (1922-2000) er frå Minnesota.
Snoopy og Charlie Brown er vel mellom dei mest populære teikneseriefigurane nokonsinne.
Picture
MInneapolis Public Library
0 Comments



Leave a Reply.

    Author

    Kari og Anne liker å formidle og dele. Det gjør vi her :-)

    Archives

    June 2024
    May 2024
    April 2024

    Categories

    All

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye