Kari og Anne på tur
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25

2024

Astoria

25/5/2024

0 Comments

 
Picture
Da vi kom med toget frå Seattle til Portland vart vi henta av dei gode venene våre, Margaret og Sharyn, som vi har kjent i mange år. Måten vi vart kjent på er litt artig: Både Margaret og eg var med i ei facebookgruppe som heiter Lesbian gardeners, og da dei skulle til Norge spurte ho om tips til overnatting. Vi var så heldige å få låne ei av nabohyttene i kolonihagen der dei kunne bo, og vi hadde ei fin veke saman i Oslo. Seinare besøkte vi dei i USA, og har drøymt om å koma tilbake både til huset deira i Portland, men serleg til Astoria der dei bur mesteparten av tida.
Astoria er ein utruleg fin liten by som ligg nordvest for Portland, der Columbia-elva møter Stillehavet. Mange skandinavar slo seg ned der, det var godt fiske, serleg laks, og "canning"-industrien blomstra.
(Det er framleis laks der, og vi har ete mykje villaks, nam!). Det er mange norske/svenske/danske/finske namn å sjå og det er laga ein minnepark med mange fine element som t.d skipskister immigrantane hadde med.
Å jobbe i fiskeindustrien var hardt for einkvar og det verkar som det var enda hardare for dei mange kinesarane som kom for å søke arbeid. Det er satt opp minnepark for dei som ofra liv og helse i dette arbeidet; The garden of Surging Waves, første del kom opp i 2014.
Astoria er kjent for sine flotte, store hus, mange av dei vart bygd for lakse-og tømmerbaronar. Mange er oppussa og har alle dei små detaljane bevart, andre treng renovering, antakeleg er dei dyre å kjøpe og dyre i drift.
Men det er heimlause også i denne byen, om enn ikkje så synleg som i storbyane. Vi har sett teltleirar mange stader, serleg langs jernbanelinjene, ofte farleg nært, folk søv også på fortau, under bruer, overalt der dei kan finne ein plass. Vi har spurt dei vi kjenner om det finst overnattingsstader for dei, og det er ulikt frå stat til stat. Uansett er det nokre som ikkje passar inn i kriteria for overnatting, og det er høg bruk av rusmidlar, serleg fentanyl som er eit stoff som kjem i pulverform, er 50 gongar sterkae enn heroin og fører til mange overdosar, to milligram kan vera dødeleg.
Det er eit stort og aukande gap mellom dei som HAR og EIG og dei som ikkje har noko. Det kan det vera stor skilnad til og med i den same gata. I Portland hos Margaret og Sharyn bor dei i eit strøk med fine hus og hagar, men berre hundre meter bort står det ein utrangert bil der det bor nokon. Kor dei vaskar seg og går på do? Ukjent, eller vi vil ikkje vite det...
Picture
LItt fælt å ta bilde av heimlause, men gjorde eit unntak her i og med at personen er innpakka. Dette er rett ved inngangen til biblioteket i Astoria
Vi heldige hadde det trygt og godt i huset, drakk god kaffe frå kaffebarar, fekk servert nydeleg mat, prata masse!
På veg frå Portland til Astoria var vi innom både eit område der ei av damene som Anne skriv om hadde bodd, besøkte eit skandinavisk senter og ein park der den danske kunstnaren Thomas Dambo har satt opp eit av trolla sine. Han har laga ein serie, the Northwest Trolls: Way of the Bird King, som er plassert fleire stader i Orgeon. Vi såg etterkvart tre av desse rundt om og dei er utruleg uttrykksfulle!
Ein av dagane fekk vi besøk av cousin Arne og kona Beverly frå Salem, dei hadde kjørt i mange timar for å treffe oss, og vi hadde ein fin dag med lønsj og besøk i Astortårnet med fantastisk utsikt.
Vi vil tilbake til Astoria, gjerne bo her ein lengre periode!
Picture
Utsikt frå Astortårnet
Picture
Takk til dei humørfylte damene!
0 Comments



Leave a Reply.

    Author

    Kari og Anne liker å formidle og dele. Det gjør vi her :-)

    Archives

    June 2024
    May 2024
    April 2024

    Categories

    All

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Berlin-blogg
    • Berlin 2025
  • USA/Canada 2024
  • USA_2017
  • Isle of Skye
  • 25