![]() Eg har vore på utflukt til bydelen Schöneberg. Bydelen er idag kanskje mest kjent for å vera sentrum for skeive i Berlin, men målet mitt denne gongen var først og framst Rådhuset der eg skulle sjå ei permanent utstilling om jødane som bodde i Schöneberg og deira skjebne før, under og etter 2 verdskrig. Tyskarane er flinke til å lage minnesmerke og utstillingar over det som skjedde både under krigen og under Stasi-tida, men mange meiner at landet ikkje har tatt eit grundig nok oppgjer med dei haldningane som førte til at nazismen vaks fram. Det har vore svært mange mord med rasistisk motiv dei siste åra og m.a dette skriv Asal Dardan om i den nyleg utgitte boka «Traumaland : eine Spurensuche in Deutscher Vergangenheit und Gegenwart», laust omsett: Traumeland : ei ettersøking i tysk fortid og notid. Asal Dardan er ein iransk-tysk forfattar og kulturvitar som klarer å kople hendingar frå i dag med det som skjedde på 30-talet da Hitler kom til makta. Ho går grundig til verks og det er ikkje alt i teksten eg har forstått, ho er ei lærd kvinne som har lest både Hanna Arendt, Frantz Fanon og Judith Butler, men ho ettergår også konkrete mord og overfall som har skjedd med rasistisk motiv. Mange av desse vart svært lemfeldig behandla av politi og rettsvesen. Dardan bur i Schöneberg, og går i gatene der det er satt ned Stolpersteine (snublesteinar) på fortaua for å minnes dei deporterte og drepne og tenker på kven alle dessse menneska var, korleis levde dei liva sine, kven var naboane, og får sterk trong til å undersøke meir. Der får ho hjelp av utstillinga i rådhuset; Wir waren Nachbarn : Biographien Jüdischer Zeiteugen. (Vi var naboer: biografiar over jødiske tidsvitne). Ei sterk trafikkert gate fører frå S-bahn til das Rathaus som er ei praktfull bygning frå byrjinga av 1900-talet, sterkt ødelagt under krigen, og restaurert. Plassen der rådhuset ligg var ein viktig forsamlingsplass for det vestlege Berlin og klokka i tårnet, kalt die Freiheitsglocke, var eit symbol for menneskerettar. Den mest kjente talen som er halde der er nok den som John F. Kennedy heldt 26 juni 1963 der han avslutta med orda: Ich bin ein Berliner. Da stod han framfor ein kjempestor menneskemengde saman med Willy Brandt som var borgarmeister da. Sjølve utstillinga er eit stor rom med skrivebord der det er montert album med biografiske opplysingar om, og bilder av, jødar som bodde i bydelen Schöneberg- Tempelhof, det er litt over 120 stk. Det er innhaldsrike album og eg kunne berre lesa grundig 4-5 stk av dei. Det er både menneske som klarte å rømme landet, menneske som vart drepne i konsentrasjonsleirane og enkelte som klarte å halde seg skjult i Berlin under krigen, eg vart overraska over at det var så mange som var i stand til å gjømme seg med hjelp av modige vener. Bakgrunn: I 1933 bodde det ca 165 000 registrerte jødar i Berlin (ut frå religionstilhørigheit), i Schöneberg var det ca 18 000. På ei tidstavle er det lista opp alt som skjedde av innskrenkingar av jødane sine rettar frå månad til månad, år til år. 1933. 25 april : Jødar vart kasta ut av sportsforeingar. 1935 .mars: Yrkesforbod for jødiske skodespelarar 1935. juli : Forbod mot å bruke offentlege bad 1935. 14 november : Jødar vart fråtekne stemmeretten. 1939.1 januar: Alle kvinnelege jødar må ta fornamnet Sarah og mannlege Israel i tiillegg til opprinnelege namn. 1941. 4 mars: Alle jødar blir utskrivne til tvangsarbeid 1941. 23 oktober: Utvandringforbod for jødar 1943. 27 februar: 10 000 jødar blir pågripne og sende til Auschwitz Og så vart det verre og verre... og det verste skjedde. Ei livshistorie eg merka meg spesielt:
Gertrude Sandman: Kunstnar og forkjempar for kvinner og homofile sine rettar. Ho vart fødd i 1893 inn i ein borgarleg familie med stor kulturell kapital, og fekk utdannng som teiknar og målar, m.a var ho elev av Käthe Kollwitz. Ho var åpen lesbisk og på 20-talet levde ho i eit frisinna miljø med homoseksuelle samlingsstader og ei rikt tidsskriftmangfald der ho også skreiv mykje. Ho vart kjæraste med kunsthandverkaren Hedwig Koslowski, og ettersom restriksjonane overfor jødar vart strengare og strengare var det Hedwig som forsynte henne med papir, målarsaker og livsnødvendigheiter. Gertrude budde lenge saman med si gamle mor og det var nok grunnen til at ho ikkje rømte enda da ho hadde muligheit til det. Da mor døde, vart det store huset konfiskert med alt alt innbu, bøker og heile den kunstnarlege produksjonen hennar , ho gjekk i dekning i eit rom i eit fråflytta hus og klarte å halde seg der ved hjelp av Hedwig og andre vener. Gertrude var jo i fleire av dei kategoriane som nazistane forfølgde: Lesbisk, jøde og kvinneleg kunstnar... Etter krigen bodde ho og Hedwig saman til 1956, og deretter med ei ny dame, Tamara Streck, som var akrobat på sirkus! Gertrude heldt fram med å måle og til trass for store helseutfordringar som kom frå åra i dekning hadde ho ein stor produksjon i mange år, og heldigvis vart ein stor del av verka hennar gjenfunne og har vore trekt fram i lyset dei seinare tiåra. Ho rakk å ta del i den nye feministbølga på 70-talet og var aktiv i den homofile frigjeringsrørsla og ei svært synleg kvinne til nokre år før ho døde i 1981. Ho skreiv dagbok heile livet og mange av desse er bevarte, eg har lest utdrag i eit lite hefte eg kjøpte, men skulle gjerne ha lese meir, det er kloke og interessante betraktningar som politikk, samfunnssprøsmål, kjønn etc. Skulle også gjerne ha sett originalbilder, det er både svart/kvite kolstiftteikningar, pastellar og anna, og NB! ho måla og teikna kun kvinner!! Potsdam museum har mange av bildene hennar. Hvis du vil lesa meir om jødar i Berlin har eg skrive om det i bloggen frå 2022 også: Sjå innlegg frå 12/11 2022.
0 Comments
Leave a Reply. |
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. ArchivesCategories |