Det er flust å velge i når det gjeld bokpresentasjonar her i Berlin. Biblioteka har gratisarrangement, bokhandlane med inngangspengar og ofte teatra også samt alle mulige organisasjonar og stiftelsar som har sine ting. Eg var på eit fint organisert bokbad på Pablo Neruda-biblioteket i Friedrichshain. Det var stappa fullt så jammen godt at veninna mi Cordi hadde reservert billettar for oss. Mulig også fordi forfattaren er ei kjent skodespelarinne og filmregissør som heiter Anna Brüggemann. Eg synest boktittelen er besnærande: "Wenn Nachts die Kampfhunde spazieren gehen". Kamphundane er kanskje mor og døtre i boka? Iallfall handlar ho om det velkjente temaet mor/dotter-relasjonen. Det var ei fryd å høre ho lesa fleire kapitlar frå boka, og eg skal foreslå at Deichman kjøper henne inn! Så MÅ eg skrive om eit høgdepunkt så langt i opphaldet vårt: Ei blanding av opplesing og teater på ein lokal scene som heiter Wabe. Lokalet var større enn eg hadde forestilt meg og publikum benka seg i ein sirkel framfor scena som inneheldt to stolar, eit bord med glas og ei vinflaske og to manushefte. I Berlin er det ikkje uvanleg at framsyningar er litt seine med å byjra, ein ventar gjerne til 5-10 minutt over tida ( og folk kjem ofte også ruslande inn ei god stund etter det..). Da dei to skodespelarinnene kom var det med song: Hier kommt die Pippi Langstrumpf! Framsyninga var lesing av brev mellom Astrid Lindgren og den tyske operasongaren og politikaren Louise Hartung. Høres det litt langtekkeleg ut? Kanskje, men det var det motsette. Skodespelarinnene Jaqueline Maccaulay og Anna Stieblich les breva med slik innleving at vi kjente på alle følelsane desse breva klarer å uttrykke: Gleda over å finne ei sjeleveninne, den forelska Louise sin eufori, lengsel, skuffelse, sinne og Astrid si meir reserverte, men også fascinerte undring over at ho kan bli gjenstand for slik ei tilbeding! Astrid har eit sjarmerande tysk forresten! Dei kjente kvarandre frå midt på 50-talet til Louise døde i 1965, var på ferieturar saman og trefte kvarandre både i Berlin og Stockholm. Louise var pådrivar for å få ut bøkene til Astrid i Tyskland og i dag er ho ein feira, hylla og prisa forfattar her. Eg har no tinga boka som framsyninga er basert på: "Ich habe auchgelebt : Briefe einer Freundschaft". Boka finst også på svensk, dansk og engelsk. I Haus am Lützowplatz var eg på ei utstilling kalt Berliner Realistinnen, altså verk av utelukkande kvinnelege kunstnarar. I 1971 stilte 28 mannlege og ein kvinneleg kunstnar ut verka sine.... Her er nokre av dei eg synest utmerka seg
0 Comments
Noko av gleda med å prøve å bli flinkare til å snakke tysk er å koma i prat med folk., og det er mange hyggeleg her i Kiezen vår. Eit utruleg innhaldsrikt antikvariat ligg i Immanuelkirchstrasse. Werner heiter innehavaren og han har klart å opparbeide seg ei samling med mange spanande spesialitetar og raritetar og dette i løpet av kun 7 år. Innhaldsrik biografisamling også. Eg klarer jo ikkje å la vera å gå innom, og bonus er at vi får gode pratar. Han meiner at ein bør ha teft for å gjera gode kjøp, ikkje kjøpe inn i mengder og i hytt og ver. Han har god kontakt med kundane sine, men det ventar han eit stort arbeid no framover med å legge inn bøkene til internett-salg. Det er nok heilt nødvendig i våre dagar. Eg kunne gjerne ha arbeidd her! I vinduet såg eg ein biografi om Else Lasker-Schüler og ville ta ein titt på denne. Da plukka han fram 4 andre, deriblant ei vakker bok med brev som ho har skrive til venen, målaren Franz Marc og vice versa. Den måtte eg kjøpe! Marc og Lasker-Schüler lagar seg her ei fantasiverd der han blir kalla der blaue Reiter ( den blå ryttaren) og ho heiter Prinz Jussuf von Theben! Dagen før hadde eg vore i Kupfersticksammlung og sett ei flott utstilling med Blaue Reiter-gruppa som han tilhørte. Vart skikkeleg betatt av mange av bildene her, så fargesterke! Else Lasker-Schüler (1869-1945), er mest kjent som lyrikar, men har og skrive teaterstykke, essays og fortellingar. Åse Marie Nesse har gjendikta eindel av dikta hennar i ei nydeleg samling: "Mitt blå klaver" som du kan finne på eit bibliotek nær deg eller som du kan få biblioteket til å tinge inn ( vi er så heldige, gratis!) Men altså antikvariatet til Werner kan eg anbefale, ein svært hyggeleg mann! Immanuelkirche: Denne vakre kirka frå 1893 i nyromansk stil er åpen frå 14-16 og det er SIGFRIED som står og ønsker velkomen på sitt vennlege vis! Dette har han gjort Ehrenamtlich (frivillig) i mange år. Han er ein sann Norges-ven og har alltid på seg ei av mange strikkakofter han har kjøpt brukt i Norge! Denne dagen var det OL-kofta! Han reiste til Norge mange gongar da dottera med familie bodde i Stavanger, og kan ein god del norsk. Han les eit stykke i ei norsk andaktsbok kvar kveld og noterer ord og uttrykk. Dette er ein mann som ikkje på nokon måte er digital, han har ikkje mobil og er ikkje på nett. Han set pris på ein prat både om Norge, politikk ( han er ein Ossi!), tru og familie. Interessant å høre om DDR-tida og det kunstnarlege livet hans om bildehoggar. Han gjev gjerne ut fne postkort gratis og eg overhørte at han også ga ei gratis bok om kirka til ei ukrainsk dame, ein uselvisk og menneskevenleg sjel. Eg var i Gemäldegalerie og såg ei utstilling som gjorde sterkt inntrykk på meg: Von Odesa nach Berlin. Da russiske rakettar ødela store delar av Nasjonalmuseet i Odessa 5/11 2023 la dei tilsette ned ein kjempeinnsats for å redde unna verdifulle målari og sendte dei til ein annna by i Ukraina. Der var imidlertid lagringsmåten så dårleg at direktøren tok kontakt med Staatliche Museen zu Berlin for å høre om dei kunne oppbevare dei. Desse er no utstilte i Berlin, og det på ein måte som er veldig berørande. Det er først en video frå museet der vi ser alle aktivitetane dei hadde der før krigen, skoleklassar, omvisingar, glade barn som dansar, så er det bombing og stillheita etterpå. Odessa var historisk ein blomstrande havneby med mange nasjonalitetar, mange jødar. Eit godt tips for å lesa om folk i den jødiske ghettoen er Isaak Babels :Fortellinger fra Odessa. Ganske burlesk og blomstrande, glimrande omsett av Marit Bjerkeng. Museet har mange arrangement i tillknyting til utstillinga, i det heile tatt er det stor merksemd om Ukraina her i Berlin, det er jo også mange her som har flykta hit, dessutan var det nok mange også før krigen, t.d er frisøren vår ukrainsk ( ho elskar forresten Norge og er her kvar sommar!). Øverst frå venstre: Inngangen til utstillinga. Inni utstillinga er det montert eit teppe med bilde frå museet i Odessa. Til høgre: Bakveggen er eit foto som er teke etter bombinga. Nederst eit målari av Friz Thaulow: Ein bekk ( trur han har mange versjonar av denne?)
Eg er glad i teater. Første gong eg opplevde eit teaterstykke var i Trondheim medan eg gjekk på Orkdal gymnas i byrjinga av 70-talet. Det var Fysikerne ( die Physiker) av Friedrich Dürrenmatt og det var ei oppleving, wow-teater altså! Seinare kom Glassmenasjeriet av T. Williams med den store skodespelaren Gerdi Schjelderup, dette er framleis er eit av mine desidert yndlingsstykke, eg har sett det i veldig mange versjonar m.a med Kjersti Holmen som både Laura og mora Amanda ( med 20 års melomrom!). Kranes konditori med den legandariske Allan Edwall som Stivhatten, framleis på Trøndelag teater, var også uforgløymeleg. Her i Berlin er det jo mange scener, både gamle og veletablerte og nye, eksperimentelle. Anne og eg måtte få med oss ei Macbeth-framsyning i nærområdet vårt, på Teater unterm Dach ( teatret under taket), det er bokstaveleg tala rett under taket på toppen av eit gamalt og rart hus, stykket heiter «Macbeth in meiner Küche» ( Macbeth i kjøkenet mitt). Anne er ein stor Shakespearefan og Macbeth er yndlingsstykket ( rart at den fredeleg dama liker heftige og blodige teaterstykke?) Dette var merksnodig, men overraskande, humoristisk og burleskt: To kvinner sit ved eit kjøkenbord iført morgonkåper og diskuterer dagsaktuelle ting, så byrjar dei å sitere frå Macbeth og så er vi i gang. Dei spelar med dei rekvisttane dei har ( kniv er jo tilgjengeleg...) og ein kan absolutt seie at det er aktuelt med ein studie i korleis folk oppfører seg når dei får makt!! Skodespelarane Franziska Hoffmann og Miriam Kohler var absolutt fabelaktige, 1. 5 time med kraftutfoldelse på scena, og eksklusivt for ca 15 stk. I Berlin har dei fleste teatra repertoirteater, det betyr at fleire stykke blir spela samtidig og blir satt opp att med mellomrom. I 2022 såg vi eit fantastisk dokkespel-stykke av Suse Wächter: Brechts Gespenster ( Spøkelsa til Brecht). Her møter vi Brecht himself, Karl Marx og Gud ( dei to finn kvarandre!), Frantz Kafka, Margaret Thatcher, Lenin og Sigmund Freud. OG Honnecker i ein ubetaleg talescene. Suse Wächter gjev stemme til desse og fleire til gjennom 1.5 timar og det er ubegripeleg korleis ho får det til! Ho har god hjelp av to mannlege dokkespelarar og dyktige musikarar. Eindel er nok ganske internt for dei som kjenner det indre livet på Berliner Ensemble, men veldig mykje som også er kjent for den kulturinteresserte menigkvinna. Her såg eg og «Die heilige Johanna der Schlachthöfe» ( Den heilage Johanna frå slaktehusa). Johanna er frelsessoldat og går i kamp mot kapitalisten Mauler som eig slaktehusa der arbeidarane mistar jobben. I denne versjonen blir begge hovudrollene spela av kvinner, og det er meir dialog og mindre kamp. Det er politiske talar i pausen, og veldig intenst. Sjølv om eg kjenner stykket frå langt tilbake ( Det norske teatret i 1978 med Ragnhild Hilt!), er det litt vanskeleg å få med seg alt, så skulle eigentleg ha sett det om att... Før eller etter kan du kjøpe eit rimeleg måltid i kantina, der kan du møte både den eine og den andre av skodespelarane, spesielt for Berlin trur eg. Eg hadde lenge tenkt å besøke Brecht og Helene Weigel sitt hus i Chaussestrasse og no vart det tid for ei omvising med ei utruleg kunnskapsrik dame og eg var åleine på akkurat denne runden. Helene Weigel var den mest kjente og beundra skodespelaren i Tyskland i fleire tiår ( omvisaren samanlikna ho med Angelina Jolie i dag), dessutan intendant på Berliner Ensemble og var altså gift med Bertold Brecht. Etter at Brecht døde i 1956 heldt Helene fram med å bu i dette huset og bygde på ein glasveranda som de ser her, vakker! Ho sørga også for å halde vedlike arkivet etter Brecht og teatret på Schiffbauerdamm og no er øverste etasje i huset via til forsking. Dei er begge gravlagde på gravlunden som grenser til huset, Dorotheenstädtischer Friedhof. Her ligg også mange andre forfattarar, som t.d Christa Wolf og ander kjente kulturmenneske. Anbefaler generelt å sjekke omvisingar- Führungen- i Berlin om du har litt tid og interesse, dei er ofte innhaldsrike og grundige , finst også mange på engelsk. Det eine fører ofte til det andre: Fekk tips om omvising i leiligheita til ei av Tysklands store diktarar Anna Seghers ( eigentleg heitte ho Nelly Radvanyi). Eg visste om ho, men ho er vel ikkje den mest kjente i Norge.
I DDR var ei av bøkene hennar, «Das siebte Kreuz» obligatorisk lesnad fortalte guiden, og i følge henne er det også den beste boka, ho er omsett til norsk i 1947: Det syvende kors. Skal lesa! Leiligheita hennar ligg i bydeen Adlershof, ein liten landsby med fint museum i eit gamalt bygg som er restaurert. Ho vart tilbydd eit hus av DDR-myndigheitene, men takka nei ho ville bu i nærheita av nære vener. På omvisinga var forutan meg ei ung kvinne, Sabine frå München, men som har bodd 10 år i Berlin. No vil ho tilbake til sør og søker jobb på teater etc. Vi hadde ein lang kaffeprat etterpå og det er mulig at ho kjem til Oslo også! Eg gler meg over at eg kan føre ein nokolunde bra samtale på tysk no, men det er langt igjen til at eg kan kalle meg flytande! |
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. ArchivesCategories |