![]() Eg har vore på utflukt til bydelen Schöneberg. Bydelen er idag kanskje mest kjent for å vera sentrum for skeive i Berlin, men målet mitt denne gongen var først og framst Rådhuset der eg skulle sjå ei permanent utstilling om jødane som bodde i Schöneberg og deira skjebne før, under og etter 2 verdskrig. Tyskarane er flinke til å lage minnesmerke og utstillingar over det som skjedde både under krigen og under Stasi-tida, men mange meiner at landet ikkje har tatt eit grundig nok oppgjer med dei haldningane som førte til at nazismen vaks fram. Det har vore svært mange mord med rasistisk motiv dei siste åra og m.a dette skriv Asal Dardan om i den nyleg utgitte boka «Traumaland : eine Spurensuche in Deutscher Vergangenheit und Gegenwart», laust omsett: Traumeland : ei ettersøking i tysk fortid og notid. Asal Dardan er ein iransk-tysk forfattar og kulturvitar som klarer å kople hendingar frå i dag med det som skjedde på 30-talet da Hitler kom til makta. Ho går grundig til verks og det er ikkje alt i teksten eg har forstått, ho er ei lærd kvinne som har lest både Hanna Arendt, Frantz Fanon og Judith Butler, men ho ettergår også konkrete mord og overfall som har skjedd med rasistisk motiv. Mange av desse vart svært lemfeldig behandla av politi og rettsvesen. Dardan bur i Schöneberg, og går i gatene der det er satt ned Stolpersteine (snublesteinar) på fortaua for å minnes dei deporterte og drepne og tenker på kven alle dessse menneska var, korleis levde dei liva sine, kven var naboane, og får sterk trong til å undersøke meir. Der får ho hjelp av utstillinga i rådhuset; Wir waren Nachbarn : Biographien Jüdischer Zeiteugen. (Vi var naboer: biografiar over jødiske tidsvitne). Ei sterk trafikkert gate fører frå S-bahn til das Rathaus som er ei praktfull bygning frå byrjinga av 1900-talet, sterkt ødelagt under krigen, og restaurert. Plassen der rådhuset ligg var ein viktig forsamlingsplass for det vestlege Berlin og klokka i tårnet, kalt die Freiheitsglocke, var eit symbol for menneskerettar. Den mest kjente talen som er halde der er nok den som John F. Kennedy heldt 26 juni 1963 der han avslutta med orda: Ich bin ein Berliner. Da stod han framfor ein kjempestor menneskemengde saman med Willy Brandt som var borgarmeister da. Sjølve utstillinga er eit stor rom med skrivebord der det er montert album med biografiske opplysingar om, og bilder av, jødar som bodde i bydelen Schöneberg- Tempelhof, det er litt over 120 stk. Det er innhaldsrike album og eg kunne berre lesa grundig 4-5 stk av dei. Det er både menneske som klarte å rømme landet, menneske som vart drepne i konsentrasjonsleirane og enkelte som klarte å halde seg skjult i Berlin under krigen, eg vart overraska over at det var så mange som var i stand til å gjømme seg med hjelp av modige vener. Bakgrunn: I 1933 bodde det ca 165 000 registrerte jødar i Berlin (ut frå religionstilhørigheit), i Schöneberg var det ca 18 000. På ei tidstavle er det lista opp alt som skjedde av innskrenkingar av jødane sine rettar frå månad til månad, år til år. 1933. 25 april : Jødar vart kasta ut av sportsforeingar. 1935 .mars: Yrkesforbod for jødiske skodespelarar 1935. juli : Forbod mot å bruke offentlege bad 1935. 14 november : Jødar vart fråtekne stemmeretten. 1939.1 januar: Alle kvinnelege jødar må ta fornamnet Sarah og mannlege Israel i tiillegg til opprinnelege namn. 1941. 4 mars: Alle jødar blir utskrivne til tvangsarbeid 1941. 23 oktober: Utvandringforbod for jødar 1943. 27 februar: 10 000 jødar blir pågripne og sende til Auschwitz Og så vart det verre og verre... og det verste skjedde. Ei livshistorie eg merka meg spesielt:
Gertrude Sandman: Kunstnar og forkjempar for kvinner og homofile sine rettar. Ho vart fødd i 1893 inn i ein borgarleg familie med stor kulturell kapital, og fekk utdannng som teiknar og målar, m.a var ho elev av Käthe Kollwitz. Ho var åpen lesbisk og på 20-talet levde ho i eit frisinna miljø med homoseksuelle samlingsstader og ei rikt tidsskriftmangfald der ho også skreiv mykje. Ho vart kjæraste med kunsthandverkaren Hedwig Koslowski, og ettersom restriksjonane overfor jødar vart strengare og strengare var det Hedwig som forsynte henne med papir, målarsaker og livsnødvendigheiter. Gertrude budde lenge saman med si gamle mor og det var nok grunnen til at ho ikkje rømte enda da ho hadde muligheit til det. Da mor døde, vart det store huset konfiskert med alt alt innbu, bøker og heile den kunstnarlege produksjonen hennar , ho gjekk i dekning i eit rom i eit fråflytta hus og klarte å halde seg der ved hjelp av Hedwig og andre vener. Gertrude var jo i fleire av dei kategoriane som nazistane forfølgde: Lesbisk, jøde og kvinneleg kunstnar... Etter krigen bodde ho og Hedwig saman til 1956, og deretter med ei ny dame, Tamara Streck, som var akrobat på sirkus! Gertrude heldt fram med å måle og til trass for store helseutfordringar som kom frå åra i dekning hadde ho ein stor produksjon i mange år, og heldigvis vart ein stor del av verka hennar gjenfunne og har vore trekt fram i lyset dei seinare tiåra. Ho rakk å ta del i den nye feministbølga på 70-talet og var aktiv i den homofile frigjeringsrørsla og ei svært synleg kvinne til nokre år før ho døde i 1981. Ho skreiv dagbok heile livet og mange av desse er bevarte, eg har lest utdrag i eit lite hefte eg kjøpte, men skulle gjerne ha lese meir, det er kloke og interessante betraktningar som politikk, samfunnssprøsmål, kjønn etc. Skulle også gjerne ha sett originalbilder, det er både svart/kvite kolstiftteikningar, pastellar og anna, og NB! ho måla og teikna kun kvinner!! Potsdam museum har mange av bildene hennar. Hvis du vil lesa meir om jødar i Berlin har eg skrive om det i bloggen frå 2022 også: Sjå innlegg frå 12/11 2022.
0 Comments
Hurra, da er vi i Hufelandsstrasse igjen! Dvs. Anne har vore her ein månad allerede og har etabert sine rutinar med skriving, slektsforsking etc. Så no når eg har kome er det rydda plass til mine papir og ting og tang også, og som vanleg fylles leiligheita opp med teater-og utstillingsbrosjyrar, aviser og magasin. Tyskarane har framleis den gode vanen med å trykke opp teaterkalendre, bibliotek har mykje skriftleg materiale om ting som skjer etc, altså til skilnad frå oss i Norge som er datafisert på alle plan! Dei første dagane har eg brukt til å krysse av for teater, musikk, litteraturarrangement eg/vi har lyst til å gå på og denne gongen vil vi også gå på litt meir alternative plassar, ikkje berre Staatsoper og Philharmonie, sjølv om det er utmerka plassar å høyre og sjå kunst av høg kvalitet. Og planene er også å bruke lokale scener meir, det er både teater og kino i gåavstand frå oss. Forresten er billettane betrakteleg dyrare no enn i 2022, kultursektoren i Berlin er ramma av harde kutt, og antakeleg er opera, teater etc mindre subsidiert enn før. Mange galleri/museum har og problem. Vi lever i urolege tider og eg er bekymra for å vakne opp til ein ny dag med nye skrekk-nyhende frå USA. I Tyskland er dei sjølvsagt også svært uroa over den uforutsigbare Mr T og aviser og media dekker det like mykje som heime. Likevel er det eit tema som er desidert det mest omtalte no og det er det nært foreståande valget den 23 februar. Valgplakatar er klistra opp på alle stolpar og satt opp i vegkryss og midtrabattar, og det er mange parti å velge mellom, faktisk heile 41 stk som stiller liste til Forbunsdagen (ikkje alle stiller lister i alle fylke). Av desse er mange veldig små parti som t.d Tierschutzpartei ( dyrebeskyttelse), Piratenpartei, die Partei (!) og CSC- Cannabis Sosial Club! Ingen av desse har ein sjanse til å koma inn i Riksdagen, det er ei sperregrense på 5 %. VOLT skriv at dei er eit pan-europeisk parti/ folkebevegelse som er opptatt av klima og at Europa skal ha felles lovar og felles hær, dei er for å sende våpenstøtte til Ukraina. Dei har ei norsk avdeling også, men ser ikkje ut til at dei er aktive no. RødtHar ikkje sett valgplakatar for AfD (Alternatve für Deutschland) her i Prenzlauer Berg/ Friedrichshain. Antakeleg er dei ikkje store her i dette området. Eg har lest ein stor del av partiprogrammet deira, med forbehald om at det ikkje er alt eg skjøner på tysk. Dei er opptekne av å minske staten si inngriping på alle plan og å redusere antal tilsette drastisk, dei er i mot EU slik det er no, men vil bygge opp eit alternativt EU som skal fungere slik det (som dei formulerer det) opprinneleg var tenkt, som eit økonomisk samarbeid. Elles er jo innvandring eit av hovudområda, og dei vil ha streng grensekontroll, bygge asylsenter i andre land og innføre re-immigrasjon av asylsøkande i stor skala. Dei andre partia har hatt ein "brannmur" mot å samarbeide med AfD, men den mest sannsynlege neste kanslarkandidaten Friedrich Merz frå CDU braut dette ved å akseptere støtte frå AfD da han framsatte forslag om strengare innvandringspolitikk i Riksdagen. Las ein interessant artikkel i Tageszeitung om leiaren i Alternative für Deutschland, Alice Weidner. Ho er jo som kjent lesbisk, lever i partnarskap med ei sveitsisk kvinne med røter frå Sri Lanka og dei har også to barn saman. Ein kan jo forundre seg over at ho er leiar for eit høgreekstremt parti som har den tradisjonelle kjernefamilien som ideal. Verda er full av paradoks! På siste meiningsmålinga eg las ligg det an til at CDU/CSU (kristelegdemokratane) får 30%, AfD 22%, SPD (sosialdemokratane) 17%, Die Grünen (miljøpartiet) 13%, Bündnis Sahra Wagenknecht 6% og Die Linke (kanskje samanliknbart med Rødt eller SV?) 5%. Sahra Wagenknecht er ein omstridt politikar som tidlegare var i Die Linke, men som danna sitt eiga parti i fjor der ho fokuserer på utdanningspolitikk, rettferdig fordeling og fred. Ho er for strengare innvandringspolitikk og antakeleg mot våpen til Ukraina.. Iallfall imponerande å samle 6% av stemmene når partiet er berre årsgammalt! Kva ville eg ha stemt om eg var tysk? Die Linke fokuserer på rettferdig fordeling, billegare husleie og oppvarming og har mange gode poeng der. Dei er eit fredsparti og vil ha framme freden gjennom diplomati og forhandlingar, altså støttar dei ikkje å sende våpen til Ukraina. Dette hadde nok gjort det vanskeleg for meg å stemme på dei slik situasjonen er no. Kanskje eg ville ha landa på SPD, faktisk, ialfall for å demme opp for AfD... I går var eg på eit interessant foredrag i Deutsches Theater om Obdachslose (heimlause) i Berlin. Barbara Breuer frå Berliner Stadtmission fortalte om kva bymisjonen gjer for dei anslagsvis 5000 huslause i byen. Dei har pr. no ca 90 ulike prosjekt på gang, nødovernattingsplassar, matutlevering og dei er med i eit prosjekt som heiter "Housing first" som også har vore/er i gang i Norge. Folk med psykiske og/eller rusproblem får her ein plass å bo, noko som er heilt grunnleggande for å kunne fungere i samfunnet.
Stadtmission driv også det dei kallar Kältebussen, kuldebussar. Bussane kjører rundt og ser etter folk som treng hjelp og kjører dei til ein overnattingsplass. Alle som vil hjelpe kan ringe eit nummer og be om at bussen kjem. Barbara fortalte at ein ikkje alltid ser på folk at dei er heimlause, ikkje alle går rundt med sår på beina og i fillete klede. Mange kan sjå ut heile vanlege ut, fordi dei kan koma til t.d Stadtmission for å dusje og vaske klede. Ikkje alle har rusproblem, nokre har falle ut av arbeidslivet pga speleavhengigheit, skilsmisse, død i familien eller mista husveret sitt. Ho fortalte m.a om ei kvinne med to barn som mista mannen sin brått ved hjartesvikt. Han var den som alltid hadde ordna med økonomien, no fall ho ned i ein svart brønn og klarte ingenting, åpna ikkje rekningane, ho og ungane vart kasta ut av leiligheita. Ungane hamna i midlertidig fosterheim, ho budde under ei bru i 2 år før nokon frå bymisjonen plukka ho opp og fekk hjulpe til med bustad der ho og ungane kunne flytta saman igjen. Ein mann i salen reiste spørsmål om det ikkje burde vera staten som sørga for at alle har ein stad i bu? Og som gamal Ossi(austtyskar) framheva han at i DDR hadde alle rimelege bustader. Jo, sa Barbara, men no lever vi jo i dette systemet og betre å tenne eit lys enn å forbanne mørket. Det er ca 1000 tilsette i den berlinske bymisjonen og 2000 frivillige, mange av dei er yngre menneske, det er oppløftande. |
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. ArchivesCategories |